Dagrun Agnes Vikesland

Alder: 51

Yrke: faglærar, spesialpedagog og musikkterapeut

Parti: SV

Tal på periodar i kommunestyret: ingen

Tre ord om deg sjølv: Engasjert, nysgjerrig, turglad. 

Hjartesaker: Miljøet og menneska. At vi tek vare på lufta, jorda og vatnet og at kvart menneske får vere seg sjølv og leve eit verdig liv i lag med andre. 

 

 

 

 

Kvifor har du valt å stå på topp av lista til partiet ditt? 

SV trengst også i lokalpolitikken. Fleire av dei andre medlemmane har allereie lagt ned ein stor innsats. No kjende eg at eg hadde lyst til å ta mi tørn, og då fekk eg full støtte for det i gruppa. 

Du stiller til val i ein kommune som eigentleg ikkje eksisterar enno. Kva synest du om det? Gjer det valkampen litt ekstra utfordrande? 

Eg synest det gjer valkampen ekstra morosam. Eg likar å bli kjent med nye menneske og stader, og så er det jo vanskelegare å spå utfallet av valet. Det har ikkje vore SV-liste i Stordal tidlegare, men på stand og dør-til-dør-aksjonar der har vi møtt veldig mykje positivitet, så det har vore ein kjekk valkamp!

Høgre har tatt til orde for å snu om på intensjonsavtalen som mellom anna seier at ordførar, rådmann og rådmannen sin stab skal vere i Valldal og det meste anna, deriblant helse, skal samlokaliserast i Stordal. Kva meiner ditt parti om dette? 

Viss den tidlegare avtalen ikkje er god nok, må det vere råd å diskutere den på nytt. Ting kan ha endra seg sidan avtalen vart inngått. Vi må sjå på heilskapen i kommunen når det gjeld kompetanse, bygningsmasse og innbyggarane sine behov mellom anna. Ikkje minst er det viktig å ha god dialog med fagforeiningane og dei tilsette; kva treng dei for å kunne gje innbyggarane gode tenester. 

Dei 23 personane som utgjer det nye kommunestyret, er i samarbeid med administrasjonen i praksis dei som bestemmer korleis den nye kommunen blir. Kva meiner du blir det/dei viktigaste tinga å ta tak i? 

Det viktigaste er at kommunen tar skikkeleg ansvar for dei kommunale kjerneoppgåvene. Helse- og omsorgstenestene er særleg sårbare og viktige for folk, det er det mange som nemner når vi snakkar med folk. Arbeidet mot ufrivillig deltid er ein del av dette. Større stillingar gir auka kompetanse hos dei tilsette og betre tenester til brukarane. Fast tilsette vikarar gjer det tryggare for brukarane og reduserer belastninga på dei andre tilsette. 

Vi må også gjere noko for barn og familiar som lever med vedvarande låginntekt. Dette gjeld nesten 50 barn i Fjord kommune. Slik kan vi ikkje ha det, og det kan vi som lokalpolitikarar faktisk gjere noko for å endre på. Våre konkrete forslag er at barnetrygda vert halden utanfor når ein bereknar sosialstøtte og at vi reduserer foreldrebetalinga i barnehage og SFO. 

Næringsutvikling er sjølvsagt også eit viktig tema. Folk treng arbeid og eit breitt spekter av private tenester, og kommunen treng skatteinntekter. Dette er alle parti opptekne av, og Fjord kommune har allereie eit variert privat næringsliv, så eg trur dette kan bli veldig spennande å arbeide med i dialog med dei næringsdrivande. 

Det er ein god ting om det også kan vekse fram ei god kjensle av fellesskap i den nye kommunen, og da trur eg dei unge er viktigast. Vi vaksne må legge til rette for at barn og unge kan bli kjende med kvarande og med heile kommunen i barnehagen, i skuletida og på fritida. Vi politikarar må i det heile vise engasjement for skulen også i kvardagen og utanom budsjettdebattane. I skulen vert mykje av framtida vår skapt, og med gode barndomsminne vert barn og unge gode ambassadørar for heimbygda si. 

Ved forhandlingar om ordførarvervet, kven – om nokon – vil partiet ditt støtte? 

Valresultatet vil ha sitt å seie. Om veljarane gjev oss klare råd må vi lytte til dei, og SV kan samarbeide med fleire av dei andre partia. Vi må sjå kvar vi kan få gjennomslag for saker som er viktige for oss og kven vi trur vil behandle sakene våre med respekt i eit vidare samarbeid. 

Fjord kommune vil allereie frå dag éin ha svært høg lånegjeld og anstrengt økonomi. Korleis vil ditt parti få kommuneøkonomien på rett kjøl att? 

Enkelt sagt er det vel slik både i kommunen og privatøkonomien at det må vere ein god balanse mellom inntekter og utgifter. I praksis betyr det at vi må seie nei til noko for å kunne seie ja til noko anna. Ja er ofte lett, nei er ofte vanskeleg. Når vi går inn for ulike tiltak bør vi samstundes ha ein god plan for kvar pengane skal kome frå. Elles er det slik at overføringane frå staten har mykje å seie for kommuneøkonomien. SV har i sine alternative budsjett foreslått meir til kommunane. Eg håpar sjølvsagt på regjeringsskifte om to år. 

Kommuneøkonomi heng nøye saman med innbyggjartal. I begge dei to kommunane som skal bli Fjord kommune er folketalet på full fart nedover og skal ifølgje SSB halde fram med det. Korleis vil ditt parti jobbe for å snu denne trenden? 

Eg er redd vi overvurderer oss sjølve om vi tek mål av oss til heilt å snu sterke internasjonale og nasjonale trendar. For høge, urealistiske og lite konkrete mål, kan faktisk stå i vegen for å oppnå det ein vil. 

Eg minner ofte meg sjølv om uttrykket «det beste er det gode sin fiende». Men samstundes har vi nokre unike kvalitetar i vårt område som vert meir og meir verdifulle i internasjonal samanheng og som passar godt med andre aktuelle trendar, til dømes innan turisme. 

Vi må stelle oss slik at vi har moglegheita til å gripe dei sjansane vi får når privatpersonar eller bedrifter vil etablere seg i kommunen. 

Eg har tru på at vi kan involvere innbyggjarane, næringsforum og andre endå meir direkte i dialogen om korleis vi kan utvikle lokalsamfunna. Dette er typisk ei sak der «alt heng saman med alt» som Gro Harlem Brundtland sa; kommunikasjon, jobbar, gode tenester, ledige bustadar, generell infrastruktur og kreativitet hos innbyggarane. Og den nasjonale (distrikts-)politikken spelar sjølvsagt inn, så vi må arbeide oppover, på regionalt og nasjonalt nivå. 

Vi har den seinare tid sett klimastreikande ungdommar som er uroa over framtida. Er klima og miljø noko som er viktig for ditt parti i den nye kommunen? Og i så fall, på kva måte?

Klima og miljø er den aller viktigaste saka! Situasjonen for kloden er dramatisk, og vi har ikkje mykje tid på oss. I dramatiske situasjonar kan ingen gjøyme seg bak andre; alle må bidra. Berre saman blir vi den store krafta som er naudsynt, og ingen veit kva for ei brikke som vert den avgjerande i det store biletet. Det er eit tema vi må snakke meir om i lokalpolitikken også, til dømes når det gjeld turisme og fiskeoppdrett. 

Vi må ta omsyn til klima og miljø i alle saker og i dagleg drift, slik både kommunen og fleire private verksemder er i gang med. Lokalt vil det ofte synest å vere små tiltak, men kommunen må engasjere seg overfor fylke og stat og politikarane i sine parti og organisasjonar. Klimaendringane fører også med seg meir ekstremvêr, og vi må vere budde på dette, til dømes når det gjeld vegar, straumforsyning, vatn og kloakk. Forureining, ekstremvêr og havstigning fører også med seg fattigdom, svolt, uro og migrasjon i verda. Samfunn med små forskjellar er best rusta for å handtere ulike utfordringar, og difor må vi arbeide for at Noreg framleis skal vere eit samfunn med høg tillit og små forskjellar mellom folk. 

Kva ser du mest fram til å jobbe med i den nye kommunen? 

Eg gler meg til å ta fatt i konkrete tiltak for større stillingar i samarbeid med fagforeiningane. Eg håpar også på ein snarleg revisjon av trafikktryggingsplanen som er eit viktig verktøy for administrasjonen i arbeidet for trygge vegar og for betre folkehelse og miljø. 

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no