Damelaget i Stordal med strålande vårsesong

Under Norway Cup i fjor gjekk Stordal Damer til kvartfinale. Saman med laget er hovudtrenar Hallgeir Hove, keepertrenar Jan Ove Øvrebust og Pål Bjørn Øvrebust.

Stordal sitt damelag spelar i fjerde divisjon ellevar. Med ein snittalder på 16,2 år og mange sterke motstandarar er det imponerande at dei ligg på andreplass på tabellen etter halvspelt sesong.

Når Hallgeir Hove, hovudtrenar for laget, møter oss for ein prat på Kirkebø Stadion i Stordal er han full av lovord om dei dyktige damene. Dette er jenter som opp gjennom åra har vore sers ivrige og vist stor interesse til å forbetre seg både som  enkeltspelarar og som lag. Med oppturen laget opplever for tida og med satsinga også innanfor aldersbestemt fotball i Stordal, er det grunn til å sjå føre seg at klubben kan klatre i divisjonssytemet.

– Det er lov å håpe at fleire kan tenkje seg å prøve seg i Stordal, og då skal dei sjølvsagt få lov til det, understrekar Hove.

Innsatsvilje

Både Hove og dei andre i trenar- og støtteapparatet har hatt gleda av å fylgje den flotte utviklinga til jentene i alle desse åra. Ikkje minst har jentene vore ivrige heile året rundt og gått rett frå å spele utandørs og over på futsal i Stordalshallen på seinhausten, dette har hatt mykje å seie for utvliklinga, både teknisk og taktisk.

– Dette er nok noko laget har profitert på og som vi ser att i måten stordalsdamene spelar fotball på, meiner Hove.

Andreplass er godt over målsettinga dei har hatt. Trenarane i divisjonen var alle spurde om kva for plass dei ulike laga ville få og med utgangspunkt i den skulle Stordal hamne på sjette plass. Lagleiar Rønnaug Sylte Hove, keepertrenar Jan Ove Øvrebust, ressurs inn mot fysisk trening, kosthald, og meir, Pål Bjørn Øvrebust og hjelpetrenar Frank Olsen kan alle slå fast at Stordal ligg godt over målsettinga ved halvspelt.

Håpar å få behalde Guro

Guro Grønningsæter frå Norddal er keeper på suksesslaget. Ho kom med for tre år sidan og spela då på Stordal sitt lag i klasse J 13 og J 14, fortel hovudtrenaren.

– Guro var dyktig før ho kom til oss, og har hatt ei god sportsleg utvikling også etterpå. I tillegg til oppfølginga ho får i vår klubb, har også samarbeid med Herd og Fortuna gjort at ho får trent mykje der ute samstundes som ho studerar. Fotball sjølvsagt, smiler Hallgeir Hove.

Guro Grønningsæter studerer fotball på toppidrottsnivå i Ålesund. Ho er blitt veldig sentral i Stordal Damer der ho saman med spelarane i bakre firar har mykje å seie for angrepsoppbygginga.

– Få eller ingen andre lag har så mykje fokus på at keeperen også er viktig i angrepsoppbygginga som det vi har, og dette er noko både Guro og truleg andre keeperar syns er positivt. Dette står i grell kontrast til regelverket i futsal, der keeperen rett og slett ikkje skal få ta del i  denne delen av fotballspelet, legg Hove til.

Godt samhald i laget og trivsel til Stordal, gode opplevingar saman både i seriesamanheng og i Norway Cup dei to siste sesongane har vore med på å forsterke dette, og vi håpar dette bidreg til at vi får behalde Guro gjennom sesongane som kjem, seier Hallgeir Hove.

Norway cup

Hallgeir snakkar mykje om det laget har prestert opp gjennom åra og ikkje minst dei siste sesongane, når det etter kvart vart ellevarfotball.

Jentene stilte for første gong i ellevarserien for to år sidan, då i klasse J 16. Dei gjorde det så bra at dei rykka opp i første divisjon etter vårsesongen.

I kampar mot dei beste laga på Sunnmøre klarte damene seg godt også på hausten. I fjor stilte Stordal lag på seniornivå, og ellevar, for første gong på mange tiår. Då tok dei ein flott fjerdeplass.

– Jentene gjorde det skarpt i Norway Cup begge desse åra. I 2016 fekk dei til og med spele TV-kamp og oppleve å bli intervjua av Jahn Ivar «Mini» Jakobsen, ikkje minst gjekk dei sigrande ut av det heile. Stegaberg vart slått 2-0 og Stordal var klar for åttandedelsfinale i A-sluttspelet, minnest Hove.

– Året etter gjekk jentene endå lenger, og Nordhordland BK vart slått i åttandedelsfinale. Jentene kom heilt til kvartfinalen.

– Og vi snakkar framleis om A-sluttspelet, held hovudtrenaren fram.

– Guro vart her den store helten i straffesparkkonkurransen og det vil nok ta lang tid før både ho og vi andre gløymer kor stort dette var, seier han.

Spanande haust

Den engasjerte hovudtrenaren ser føre seg at alt ligg til rette for ein spennande haustsesong.

– Med andreplass på tabellen og berre to poeng bak serieleiar Aksla, så skal vi ta i mot både Aksla og Hødd på Kirkebø Stadion i sesongen. Vi håpar på ekstra god støtte frå heimepublikum då, seier Hallgeir Hove.

Han snakkar om bra oppslutnad så langt, dei frammøtte har likt det dei har fått sett. Olivia Hove Busengdal misser dei diverre frå laget, då ho skal studere i USA dei neste tolv månadene.

– Men vi har eit sterkt håp  om å ha Helene Vinje Øvrebust speleklar att med det første, legg Hove til.

– Så får vi sjå, som tidlegare nemnt, om det kan vere spelarar i vårt nærområde som har lyst til å bli med på laget vårt. Det hadde berre vore stas det, avsluttar han.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no