Datahjelp til bruk av digitale tenester

Dei er gamle og dei har kunnskap om data dei gjerne vil dele. Magne Krogh, Kjell Rønning og Peth Nakken startar i fyrste omgang ein møteserie på tre kveldar på biblioteket i Valldal der hjelp til digitale tenester vil vere tema.

Teknologien endrar måten vi løyser dei praktiske gjeremåla i kvardagen på. Det er ikkje alltid like enkelt å fylgje med.

Ein nasjonal dugnad er sett i gang for å få flest mogleg til å tilpasse seg den digitale kvardagen. Norddal kommune inviterer til dugnad og har fått Kjell Rønning og Magne Krogh saman med Peth på biblioteket til å rettleie og svare på spørsmål.

Den nye tida

Tre dagar i veke tolv skal det vere samlingar på biblioteket i Valldal for dei som vil kome i gang eller friske opp litt rusten kunnskap om korleis du nyttar telefon, nettbrett og datamaskin til å styre eigen økonomi, orientere seg i verda, finne gode løysingar, handle og kanskje finne ut når bussen går til byen.

– I dag er teknologien mykje enklare å handtere enn den var før. Du gjer det same på mobiltelefonen og nettbrett i dag som du før nytta ei komplisert datamaskin til. Datamaskina er òg mykje enklare å nytte enn tidlegare, det er til fordel for oss eldre. Mange trur det er vanskelegare enn det eigentleg er, seier Kjell Rønning.

– Folk kan kome for å snakke med oss, kanskje kan vi hjelpe der og då eller vi kan avtale å møtast seinare. Vi skal halde på utover hausten og Kjell og eg skal vere med heile tida. Dette gjer vi som frivillig arbeid, seier Magne Krogh.

Vi òg kan lære

– Vi gamle kan lære vi òg, men viss vi ikkje nyttar kunnskapen vi tileignar oss, så forsvinn det liksom ut av hovudet att. Vi håper folk kan lære, få svar på spørsmåla sine og friske opp det dei allereie kan. Tida krev i større grad at vi skal gjere meir sjølve og greier vi det ikkje, må vi få nokon til å hjelpe oss, seier Peth Nakken. Ho er klar til å lære meir og til å hjelpe andre med det ho kan, og synest biblioteket i Valldal er ein flott plass å møtast for å halde på med slikt.

Kvar enkelt sine behov

– Vi startar opp og så får vi sjå kva som skjer. Vi skal møte kvar enkelt sine behov i størst mogleg grad. Veke tolv er byrjinga og så skal vi halde på heilt fram til jul, trur eg. Kanskje kan vi lage mindre grupper som kan hjelpe kvarandre, vi får sjå, seier Magne Krogh. 

Både Kjell Rønning og Magne Krogh er engasjerte i dette og vil gjerne lære frå seg det dei kan. Begge likar å ha noko å halde på med i pensjoniststilveret sitt og har sjølve stor glede av å ha noko meiningsfullt å fylle kvardagen med.

– Det er ikkje berre for kaffien og matbiten vi stiller opp, men det hjelper sjølvsagt, ler dei begge.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no