Den nye kommunen skal heite Fjord kommune

Stordal og Norddal skal bli til éin kommune. Fellesnemnda tilrår Fjord kommune som nytt namn. Å finne ut korleis det nye kommunevåpenet skal sjå ut, blir ei oppgåve for fellesnemnda seinare.

Det er tilrådinga frå fellesnemnda etter kveldens møte der nemnda skulle førebu det felles kommunestyremøtet seinare i månaden.

Om det felles kommunestyremøtet er samd i tilrådinga – og kommunestyra i kvar av dei to kommunane Norddal og Stordal – gjer vedtak om det, vil den nye kommunen etter alle solemerke altså heite Fjord kommune frå 1. jauar 2020.

Då fellesnemnda gjorde tilrådinga si, var det ingen diskusjon kring val av namn – alle i nemnda syntest dette ville vere eit godt val.

Pressemelding

I ei pressemelding som leiar av fellesnemnda og ordførar i Stordal, Eva Hove, hadde laga på førehand, står det å lese at då innbyggjarane i dei to kommunane vart inviterte til å kome med framlegg til namn til den nye kommunen, kom det inn over 60 ulike forslag. Over halvparten av desse hadde med fjord – anten som forstaving eller som siste del av ordet. Storfjord var det namnet flest hadde foreslått, men sidan det allereie er ein kommune som heiter det, så er dette namnet uaktuelt. Eit kommunenamn skal etter retningslinene vere unikt, det betyr at ein ikkje skal velje same namn som ein annan kommune.

Det heiter vidare i pressemeldinga at eit kommunenamn er eit stadnamn og skal seie oss noko om kvar vi er, eller noko om kva som kjenneteiknar omgjevnadene våre. Eit stadnamn kan også kaste lys over verdfull lokalhistorie og dermed seie noko om den kulturelle arven vår. Namnet bør vere slik at dei fleste i kommunen kan kjenne ei tilknyting eller ein identifikasjon til det nye namnet.

Grunngjevinga til fellesnemnda

Namnet kjenneteiknar det geografiske området til kommunen på ein god måte. Alle bygdene i kommunen ligg ved fjorden. Namnet seier noko om kvar vi er, og kva som kjenneteiknar omgjevnadene våre. Det er viktig med tanke på å styrke vår eigen identitet, og det er viktig med tanke på å synleggjere og profilere kommunen vår overfor andre, ikkje minst med tanke på reiseliv. Namnet er eit godt norsk ord med kjent skrivemåte, noko som gjer det lett å bruke. Ingen kommunar har dette namnet i dag, og namnet vil kunne stå seg i generasjonar. Fellesnemnda har også lagt vekt på å velje eit namn som ingen av dei to kommunane har ei sterkare tilknyting til enn den andre. Derfor har vi valt å ikkje bruke eit geografisk namn som er knytt til den eine av dagens kommunar.

Vegen vidare

Namneforslaget skal altså først drøftast i eit felles kommunestyremøte. Det vert halde på Martin Linge-huset i Valldal fredag 25. august. Etter drøftinga i fellesmøtet skal kvart av dei to kommunestyra gjere vedtak i saka. Deretter skal namneframlegget vedtakast ved kongeleg resolusjon.

Dersom dei to kommunane er samde om kva den framtidig kommunen skal heite og gjer likelydande vedtak i saka, skal det mykje til for at namnevalet ikkje vert godkjent.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no