Den tunge vegen ned i 6. divisjon

Stordal sitt A-lag i fotball rykkjer ned i 6. divisjon etter at Åram/VanKam vann ankesaka som Stordal fekk medhald i av Sunnmøre Fotballkrins i første instans.

Eit draktnummer er sentralt i saka, då drakta vart nytta av to spelarar i ein kamp. Drakt nummer 11 fekk gult kort og det vart ståande i kamprapporten utan at Stordal fekk retta opp feilen.

I følgje Sunnmørsposten sende Stordal ein førespurnad til fotballforbundet på mail, utan å lese svaret der det stod at spelaren ikkje kunne nyttast før den avgjerande kampen mot Åram/VanKam onsdag 21. oktober, der Stordal vann overbevisande 5-1.

I ei pressemelding frå Stordal IL uttrykkjer dei stor skuffelse over avgjerda, då alle veit at spelaren ikkje hadde tre gule kort. Ein registreringsfeil har sendt Stordal ned i 6. divisjon.

Jens Øvrebust i fotballgruppa til Stordal idrettslag seier dei er glade for at dei ansvarlege i Sunnmøre fotballkrets gav dei medhald i første instans.

– Spelarane og støtteapparatet skal stå samla i etterkant av denne saka og mobilisere til neste sesong. Vi står samla i medgang og motgang, seier Jens Øvrebust.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no