Det er med tungt hjarte dei forlet det dei har skapt

Eliska Svobodova og David Kobza har budd i Valldal i om lag fire år og flyttar no attende til Tsjekkia for å kome nærare familien sin.

Eliska Svobodova og David Kobza har sidan juni 2015 drive kafeen Under Taket på kaia i Valldal. No har dei bestemt at dei vil flytte attende til Tsjekkia. David vil ta til å arbeide enten med å marknadsføre friluftsklede eller i ei bedrift som marknadsfører eit reiselivsområde.

Det er den eine grunnen til at dei flyttar, den andre er at dei vil vere nærare familien sin. Dei har ein son som veks og blir stor og saknet av familien vert forsterka gjennom han.

Eliska seier det er med tungt hjarte ho forlet Valldal og Under taket. Dei har hatt ei fin tid, dei nærare fire åra dei har budd i Valldal. Begge synest dei har fått til eit godt konsept med kafeen på kaia.

– Det er blitt meir enn ein stad der du et og drikk, seier Eliska og legg til at ho kanskje kjem attende neste sommar for å lære opp nokon til å drive gjennom sesongen. Dei har prøvd å få nokon til å ta over konseptet, men har ikkje fått den heilt store responsen. David reiser i løpet av oktober, medan Eliska skal vere i Valldal ut november dette året.

– Så eg rekk å vere med å arrangere julemarknaden vi skal ha i slutten av november. Det kjem til å bli kjempebra, seier Eliska på eliskavis.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no