Det nye bryggeriet på plass på Tonga

I fjøsen på Tonga i Norddal der det før var smågeit og bukkar har Synnøve Bjørnstad og Stein Harald Døving fått plass til eit flott nytt bryggeri som har kapasitet til å produsere om lag 50. 000 liter øl i året.

Synnøve Bjørnstad og Stein Harald Døving har no teke i bruk det nye bryggeriet sitt og har auka produksjonen av det sterkølet dei allereie er på marknaden med. I tillegg har dei no eit nytt øl med lågare alkoholprosent for å kunne selje det i daglegvarebutikkane.

Det nye bryggeriet er produsert i Kina medan tapperiet er produsert i Amerika. Firmaet dei har kjøpt det av er eit lite britisk selskap, dei har òg montert anlegget.

Ein arbeidsplass

Om lag ein tredel av arealet i den gamle geitefjøsen er bygd om til bryggeri etter alle kunstens reglar. Seks gjæringstankar kvar på 700 liter står på rekkje og rad. Ein stor tank til mesking, ein til koking og ein til kjøling er òg ein del av produksjonsapparatet. Anlegget har kapasitet til å lage om lag 50.000 liter i året og målet til dei to gründerane i Norddal er å produsere 35.000 liter det fyrste året. Med det målet nådd skaper dei ein arbeidsplass for Synnøve, noko dei allereie er godt i gang med.

Tonga gardsøl sitt nye produkt er no klart for daglegvaremarknaden.

Tonga gardsøl sitt nye produkt er no klart for daglegvaremarknaden.

Ølet

Stein Harald har gjort ein del testar på det nye anlegget og det fungerer akkurat slik han hadde håpa på.

– Eg lagar dei gamle ølsortane like gode, ja kanskje endå litt betre, smiler bryggjarmeisteren av Tonga gardsøl.

Ølet dei tidlegare har bryggja og levert, har dei fått gode tilbakemeldingar på og det har ikkje vore noko problem å få selt det dei har produsert til pubar, restaurantar og serveringsstader. Det skal sjølvsagt halde fram med, det nye no er at dei òg skal produsere øl som skal seljast i daglegvarebutikkane. Då vert det snakk om eit mykje større volum enn tidlegare.

– No er det sal og distribusjon av gardsølet vårt som vert jobben min i tida som kjem, seier Synnøve Bjørnstad. Allereie måndag denne veka fylte ho opp bilen og køyrde Tonga gardsøl til dei næraste butikkane. Ølet har dei kalla Osen junior, som er eit lagerøl laga av lys malt. Ølet er ufiltret og det anbefalast å lagre det ståande, då det vert litt botnfall på flaskene. Ølet kan lagrast på flasker eit år før det vert for gammalt.

Utnytte anlegget

No i starten er det to brygg, kvar på 700 liter i gang til ei kvar tid, men planen er å ha alle dei seks tankane i produksjon.

– Vi må prøve oss litt fram, finne ut korleis vi skal bruke tankane på best mogleg vis, seier Stein Harald Døving. Han arbeider til dagleg som arbeidsleiar i Veidekke og driftar eit anlegg som driv med fres og membran på forskjellige veganlegg rundt om i Noreg.

Alt arbeidet i fjøsen i Norddal har dei sjølve gjort det aller meste av. I tillegg til arbeidsinnsatsen og eigne midlar har dei fått støtte av næringsfondet i Norddal kommune, Innovasjon Norge og Hoppid-midlar.

Etikettar

Dei starta med ombygging av fjøsen allereie  tidleg i 2013, så alt har teke tid. Synnøve stoppar opp ved tappemaskina og smiler.

– Dette er ei effektiv og kostbar maskin. Når det tappast for fullt, har vi ikkje tid til å tenkje på anna enn akkurat det, seier Synnøve.

Maskina vert mata med seks og seks flasker som får innhald i tillegg til etikettar og datomerking. Tidlegare var det ei og ei flaske og alt måtte gjerast for hand. No har dei fått ny logo og etikett. Ein silhuett av Heregga er hovudmotivet. Dei har òg fått plass til ein god del informasjon om garden, historia og om ølet. Stein Harald bryggjer øl slik han har lært det på garden og resultatet er det no mogleg å kjøpe i daglegvarebutikkane. Tradisjonen, historia og garden vil dei ta vare på og i juleølet som Stein Harald bryggjar, nyttar han humle som veks på garden som aromahumle. Det gir ølet ein eigen god smak. Dei skal få hjelp til å artsbestemme humla som veks på garden i tillegg til å finne ut alphaprosenten i den. Den fortel om styrken på det bitre, noko som er viktig å vite når bryggjaren skal komponere eit brygg.

På landet

At Norddal er ein utkant har mange fordelar, men det er òg nokre utfordringar når det gjeld logistikk og transport. Vegen opp til garden i Norddal er ikkje av det breie slaget. Synnøve Bjørnstad og Stein Harald Døving har vore i kontakt med Vekst i Stordal med tanke på distrubisjonen av produktet sitt. Dei arbeider òg med å få det sterke ølet dei lagar inn i sortimentet til Vinmonopolet.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no