– Dette minte ikkje mykje om ein musikkonkuranse

Ein glad gjeng på veg inn på Nilsgardstunet. Dei håpte sjølvsagt på Jenny, men om Jenny ikkje skulle vere så heldig å vinne, håpte dei iallfall at ”ho gamle” (vokalisten i Contrazt, red. anm.) ikkje vann.

Det sa ein litt irritert stordalsordførar etter at det vart klart at Jenny Langlo ikkje var mellom dei fire som gjekk vidare til ”superfinalen” i laurdagens melodi grand prix.

Stemninga var høg før konkurransen tok til, og dei aller fleste som hadde møtt opp på Nilsgardstunet i Stordal for å følgje heimehåpet, var sikre på at ho iallfall ville vere blant finalistane.

Claus Hoff gjorde sitt beste for å få opp stemninga i forkant, og undervegs oppmoda han alle til å stemme, stemme, stemme.

Spenninga var til å ta og føle på då den eine superfinalisten etter den andre vart ropt opp. Til slutt var det berre ein superfinaleplass att, og då Jenny sitt namn ikkje vart ropt opp denne gongen heller, var det mange skuffa stordalingar som vende nasen heimattover ganske raskt.

Ordførar Charles Tøsse hadde vore til stades heile kvelden, og han måtte medgi at han var litt irritert, for han syntest ikkje det hadde mint særleg mykje om ein musikkonkurranse.

– Men det er sjåarane som trykkjer og røyster, og uansett er eg stolt over framføringa og jobben Jenny gjorde, avsluttar han.

Vinnarane som skal representere Norge i Wien, vart Kjetil Mørland og Debrah Scarlett med låta ”A Monster Like Me”.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no