Dramatisk kommunestyremøte i Norddal

Ragnar Lødøen melde seg ut av senterpartiet lokalt og blir sitjande som uavhengig representant ut perioden. Skule- og barnehagestrukturen på sørsida av fjorden held fram som no det komande året.

Då budsjett og økonomiplan skulle til behandling i dag, opna Ragnar Lødøen med å informere kommunestyret om at han melder seg ut av senterpartigruppa. Å kunne stå fritt til å røyste etter eige samvit og ikkje vere bunden til partiprogrammet i mellom anna ungdomsskulesaka, var blant grunnane til den dramatiske valet han har tatt.

Ungdomsskulen vart freda eit år til med ni mot åtte røyster. Dei attverande åtte i senterpartigruppa saman med Olav Løvoll (Ap) sørga for fleirtalet. Skulevedtaket betyr også at barnehagen og bibliotektet blir verande der dei er.

Kommunestyret skar heller ikkje ned på talet på sjukeheimsplassar, medan annonseavtalen med lokalavisa vart vedtatt avvikla. Etter at Gudmund Relling (Tvpl) gjekk frå som ugild i spørsmålet om Storfjordnytt, vart røystetalet 8-8 og dermed vart det dobbeltstemma til ordføraren som bikka fleirtalet i favør av å seie opp annonseavtalen til ein verdi av om lag 100.000 kroner.

Det blir meir å lese frå budsjettbehandlinga i komande Storfjordnytt tysdag 20. desember.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no