Driftsnivået må betydeleg ned

Norddal kommune må til med kraftige kutt for å kome i balanse.

Det slo rådmannen fast då han denne veka bad formannskapet i Norddal om – og fekk – fullmakt til å starte arbeidet med å nedbemanne med inntil 13 årsverk.

Sidan kommunestyret i sak 033/16 i mai i år vedtok at det ikkje skal bli eigedomsskatt for heile kommunen frå og med neste år, må rådmannen kome med andre tiltak for å ta ned driftsnivået og kome i balanse, det betyr at driftsnivået må ned minst 6 millionar kroner som er prognosen for meirforbruk i Norddal kommune for inneverande år. Rådmannen ba med det formannskapet om fullmakt til å starte arbeidet med å nedbemanne med inntil 13 årsverk.

Alle sektorar vert råka

Politikarane har tidlegare – og seinast i debatten i nemnde sak 033/16, spesielt nemnt at talet på årsverk i sentraladministrasjonen og sektor teknisk, næring og miljø må reduserast. Rådmannen seier det ikkje vil vere muleg å redusere nok på desse to områda åleine om ein skal ha ein fungerande organisasjon, og la i saka fram ein årsverksplan der det blir redusert i alle sektorar.

Vidare seier rådmannen at det vil bli vanskeleg å finne tiltak som gir tilstrekkeleg reduksjon i tenestene når struktur ikkje skal vurderast og slår fast at alle ikkje lovpålagte tenester vil bli vurderte. Planen er at om han no får fullmakt til å starte arbeidet, skal ny bemanningsplan der talet på årsverk er fordelt på ansvar/teneste, vere ferdig i løpet av august – og vil då kome attende til politisk handsaming.

Meir frå debatten i saka finn du i papirutgåva komande torsdag.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no