Ei blå, blå påske på Fjellro

Stian Omenås med band«The Heart of Saturday Night» med Marita Røstad på piano og song, Audun Skorgen – her på kontrabass, Øyvind Skarbø på trommer og Stian Omenås på trompet.

Tredje gongen kan det kallast tradisjon – når det vert arrangert for femte gong på rad, kan det kallast ein godt innarbeidd tradisjon. Og tradisjonen, det er påskeblues på Fjellro i Valldal.

Også i år vart det invitert til påskebluesfestival på Fjellro. Langfredag og påskeaftan vart to blå påskedagar for bluesfolket.

Gå etter lyden

Storfjordnytt var først innom jammen laurdag ettermiddag – og sjølv om det etter måten var tidleg på dag for festivalgjengarar, så var det «stinn brakke» i puben i kjellaren. Lyden av blues kunne høyrest godt langt ned i Syltegata – det var eigentleg berre å gå etter lyden for lokalavisa si utsending denne dagen.

– Dette er så bra, konstaterte ei sprudlande Mari Ruset som hadde funne vegen til Fjellro denne ettermiddagen.

Tom Waits

Laurdagskvelden opna med den faste festivalmusikaren Stian Omenås som denne gongen stilte med eit prosjekt med namn «The Heart of Saturday Night», ein hyllest til Tom Waits. Bandet er eitt av mange Omenås er del av og vart starta for to år sidan. Med seg i hyllesten til Tom Waits hadde han Marita Røstad på piano og vokal, som vart introdusert som «den finaste utgåva av Tom Waits eg har sett». I tillegg bestod bandet av Audun Skorgen frå Ålesund på bass og kontrabass og Øyvind Skarbø frå Stranda på trommer.

Det er ikkje lett å setje Stian Omenås og musikken hans i bås, ei heller når det gjeld Tom Waits-songar i ny drakt. Her fekk vi høyre alt frå det vakre, til det rare, til det noko sære, til det jazza, til det heilt rolege.

Stian sjølv var som vanleg høgt og lågt – kanskje mest lågt, der han tilbrakte mykje av tida nær golvet med trommer og ymse anna han rista på, ringla med og spelte på – i tillegg til trompeten sjølvsagt. Han takka for seg og bandet med å seie at han synest det er stor stas å få vere til stades og spele.

Internasjonalt

I tillegg bandet til Stian Omenås, var det internasjonalt på årets bluesfestival. Bandet «Mandolin Blues» kom frå Italia, tomannsbandet «Los Gumbo» kom frå Kanariøyane, i tillegg til slovakiske Lubos bena og Peter «Bonzo» Radvanyi med kombinert konsert og dobroworkshop.

Eli Linge Boatwright sa til Storfjordnytt då vi trefte på henne «mellom slaga» at ho er godt nøgd også med årets utgåve av bluesfestivalen – det har vore god stemning og mykje bra musikk, slo ho fast.

Også publikum såg ut til å stortrivest, sjølv om det vart kommentert at det godt kunne ha vore fleire «lokale heltar» til stades.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no