Ei god blanding i Kyrkjehola i år

Årets utgåve av Kyrkjehola Kulturbeite i Stordal baud på ein god miks av musikk i ulike stilar og teater.

Det starta med revyteater. Skodespelar, songar, forfattar og komikar Marianne Meløy er kjend for ramsalt bygdehumor, ho innfridde på Nilsgardstunet søndag 24. juli. I Meløy sitt univers kan bunnlinja like godt vere organisten som seier opp i protest mot presten sine drøymande preiker, som familiemora som pakkar sekken og reiser når ho oppdagar ein mink i toalettet. Saman med musikarane Trygve Brøske skapte ho god stemning.

Den kanskje mest spesielle førestillinga under årest program hadde tittelen “Rom som faldar seg ut”. Det skjedde på Dyrkornfabrikken med gruppa Trondheim Voices og Asle Karstad søndag 31. juli. Gruppa er kjend for fleire banebrytande prosjekt i møtepunktet mellom song, teater og teknologi. Konserten var improvisert og baud heile tida på overraskingar for publikum, som talde rundt 50.

Jamming

Måndag 1. august inntok familien Hulbækmo og Jacobsen Rosekyrkja. Mor Tone Hulbækmo og far Hans-Fredrik Jacobsen hadde med seg dei to sønene Alf og Hans. Familien er allsidig og kan by på alt frå jazz til middelaldermusikk. Alle i familien trakterer fleire instrument.

Om kvelden same dag var det invitert til nachspiel på Nilsgardstunet med familieorkesteret. Her vart det også god stemning, fleire instrument vart trakterte og lokale musikarar vart med på notane.

Frå 29. juli til 7. august var det utstilling i Løsetstova. Her kunne publikum nyte Ingrid Cecilie Ulla sine glasarbeid, utstillinga vart opna etter olsokgudstenesta i Rosekyrkja.

Ulike sjangrar

Odd Johan Overøye er ein av dei som kvart år har vore med å arrangere Kyrkjehola Kulturbeite. Han seier at innhaldet i år var ei blanding, med litt utfordringar for publikum.

Når det gjeld oppslutninga frå publikum kan han melde om rundt 40-50 i gjennomsnitt på kvart arrangement.

– Det er inga krise, men det hadde vore ønskeleg med fleire folk, seier han.

Kyrkjehola Kulturbeite har framleis noko lite bemanning, han meiner dei kunne ha gjort ein betre jobb når det gjeld marknadsføring. Då tenkjer han spesielt på å bruke fleire kanalar i dagens mediesituasjon. Dessutan er det flust med festivalar på denne tida, som gjer at publikum får mange tilbod å velje i.

I år var arrangementa i Kyrkjehola ganske konsentrerte i slutten av juli og første dagen i august. Akkurat det å ha slike arrangement i sommarferien har han tru på. Tidlegare når arrangementa har vore spreidde over sommaren, har dei opplevd at interessa har dabba av i august.

Overøye kunne ønskje seg meir trykk frå stordalingane, men meiner det er avhengig av at dei klarer å mobilisere.

– Det er ingen grunn til å vere skuffa, seier Overøye og legg til at dei skal oppsummere og konkludere når det lid på.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no