Ei helg for ungdom og kunst i Stordal

Sist helg var Stordalshallen full av ungdom, ung kunst og sceneinnslag. Ein liten kommune med eit stort arrangement.

Ordførar Eva Hove ønskte UKM velkomen til Møre og Romsdal sin minste kommune når innbyggjarar skal teljast, men som er stor og rik på ung kultur.

– Vi er stolte av å få dette arrangementet hit til den vesle kommunen vår. Nesten alle som bur her er på eit eller anna vis med og hjelper til. Velkomen til Stordal og lykke til alle saman, er noko ordførar Eva Hove seier før ein film laga av niandeklasse viser fram Stordal i fugleperspektiv.

Stort arrangement

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen var òg til stades og kunne fortelje at Møre og Romsdal har stor oppslutning rundt UKM-arrangamenta sine, blant dei beste i heile landet. 

– Eg håper alle ungdomane som er i Stordal denne helga får med seg mange kjekke opplevingar og kanskje minner for livet, sa fylkeskultursjefen.

Så er dei i gang. Stordalshallen er full av ungdom på scena og som publikum. Mykje teknikk, store skjermar, lyd og lys. Eit stort og proft opplegg som alle hadde stor glede av. 

«Våre» deltakarar

Dei tre gutane i «Flip boys» frå Stordal viste kva dei kunne. Det var skikkeleg sprekt og tøft det dei gjorde berre med seg sjølve på ein diger tjukkas. Med musikk og eit publikum med trøkk fekk dei god dreis på sitt godt innøvde nummer.

Det var elles mange gode innslag med flinke ungdommar og det var kjekt å vere publikum.

Jårångarane, ei songgruppe frå Geiranger og Eidsdal, song køntriballaden «Whiskey Lullaby» av Brad Paisley, fleirstemt og på framifrå vis. Arrangementet var stort med ein full sal så det å stå på scena var nok ei påkjenning.

Fredagen var fyrste dag og dei siste delkarane frå vårt område denne kvelden var Sondre, Laurent og Rolf frå Stordal som viste ein film dei hadde laga. Ein morosam film der element frå Matrix var tekne i bruk, både morosamt og stilig.

Kunstutstilling

Tidleg laurdag var det workshop for deltakarane på UKM der dei mellom anna kunne delta på DJ-kurs, sjakkseminar, kampsport eller yoga. På Coop Marked og på Stordalstunet spelte ungdom musikk og underheldt.

Kunstustillinga laurdag var på bedehuset med mange tilstades. To enkle, flotte musikkinnslag passa godt og når ein ungdom lesar dikt spontant, er kunsten på rett plass.

Isak Tafjord stilte ut eit foto han tok på ein klassetur til Runde. Med kameralinsa over ripa hadde han fanga bølgjer og tang på heilt spesielt vis.

– Eigentleg heilt tilfeldig, seier Isak beskjedent og snakkar med dei som kjem og vil vite noko om biletet. Johanna Olsen frå Eidsdal stilte ut tre teikningar, men var ikkje til stades.

Seinare på laurdagskvelden var Herdis Kamp frå Stordal på scena og song «Wuthering heights», ein song av Kate Bush med innleving og stor stemme, til jubel frå publikum.

Seinare på laurdagskvelden var det stort party for ungdommane. Søndagen heldt dei fram med sceneinnslag i Stordalshallen. Folk pakka samman etter kvart som dei var ferdige og sette kursen heim.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no