Ei kyrkje utanom det vanlege

Utsmykking i Rosekyrkja i Stordal.Dei fem kloke og dei fem uvitande bruremøyene prydar veggen i kyrkja.

Rosekyrkja i Stordal er ein fast stopp for turistane som vitjar indre strok denne sommaren.

Bilete frå kyrkja finn du etter artikkelen

Ved fyrste augekast ser ho ut som ei heilt vanleg kyrkje. Litt mindre enn dei elles er, kanskje. Likevel strøymer det til med folk som vil sjå den mykje omtalte rosekyrkja. For det er ikkje utsida dei alle kjem for å sjå. Tyske turistar set i eit gisp når dei kjem inn døra i den vesle kyrkja. Du treng ikkje å kunne mykje tysk for å forstå at dei er imponerte, og ikkje minst overraska over det dei ser. For sjølv om namnet prøver å fortelje deg litt om kva som er innanfor dei kvite veggane i Rosekyrkja, kjem det ikkje som noko mindre sjokk.

På sitt tredje år som guide i Rosekyrkja har 16 år gamle Mathilde Øvrebust vorte godt kjend med historia til den gamle kyrkja i Stordal. Sjølv om ho bur veldig nær kyrkja og har vore mykje innom i løpet av oppveksten, var det mykje ho allereie ikkje visste.

– Kyrkja har ei lang historie bak seg, så eg måtte lese meg opp ein del før eg byrja.

Før Rosekyrkja vart bygd, stod der ei stavkyrkje, truleg bygd på 1300-talet. Presten Ebbe Carsten Tønder sette seg ned og teikna Rosekyrkja, som stod ferdig i 1789. Der vart brukbart materiale frå stavkyrkja oppattbrukt. Krusifikset på veggen, delar av døypefonten og lysekrona er kan hende meir enn 700 år gamle.

Mykje måling for 50 dalar

Ein treng ikkje å vere av dei spesielt interesserte for å ha glede av ei omvisning i Rosekyrkja. Du kan stå der i ei evigheit og likevel finne nye detaljar gøymde i dei overdådige rosemåleria. Alle veggar er dekte av denne dekoren. I 1799, ti år etter at kyrkja var ferdig bygd, vart to omreisande kunstnarar, Vebjørn Hammersbøen frå Hallingdal, og lærlingen hans, Anders Reinholdt, leigde inn for å dekorere kyrkjerommet i Rosekyrkja. Målinga vart ”bekostet av den storædige Stordals almue den suma 50 dalar”.

Både blomar, englar, stjerner og kjende andlet frå Bibelen dekkjer kyrkjeveggane. Når du kjem inn i kyrkjerommet vil du møte blikket til både Matteus, Johannes, Lucas og Markus. Høgt oppe på veggen, framføre altaret er Dei fire evangelistane måla – alle med ei svært alvorleg mine.

På første rad

Benkane i kyrkja er svært ulike, mest truleg laga kvar gard sine eigne benkar. Bøndene med størst gard sat lengst framme i kyrkja, medan dei utan matrikulert jord, sat heilt bak, under galleriet, på smale benkar utan ryggstø. Det er ikkje berre status som har avgjort mykje av inndelinga i kyrkja. Kjønn spelte også ei stor rolle. Mathilde fortel at når kyrkja vart måla vart det gjort utifrå ideen om at kvinner skulle sitje på ei side av kyrkja, medan mennene sat på den andre. Kyrkja har derfor veldig ulike motiv målte på kvar side. På mennene sin vegg står alle dei tolv apostlane, og på den andre sida, ved kvinnene, står dei fem kloke og dei fem uvitande bruremøyene – litt flaue, med raude kinn.

Sit ein på kvinnene si side, kan ein også sjå eit andlet i taket.

– Dette andletet skulle beskytte kvinnene, når mennene ikkje var der og kunne gjere det sjølve, legg Mathilde til.

Livleg fantasi

– Det vert sagt at desse englane som er måla på preikestolen er inspirert av dei største og rikaste bøndene som budde i Stordal på den tida. Men om det er sant er det sjølvsagt ingen som veit, fortel Mathilde og peikar på den blå preikestolen framføre mennene sine benkar.
Sant eller ei – englar har vanlegvis ikkje kinnskjegg.

Vebjørn Hammersbøen og Andres Reinholdt hadde nok ikkje sett mange englar i si tid. Heller ikkje løver vandra fritt rundt i Hallingdal, der målarane var frå, på den tida, så dei fekk seg ei lita utfordring når dei skulle måle Samson si løve på kyrkjeveggen i Stordal. Heldigvis hadde heller ikkje innbyggjarane i Stordal sett mange løver, så ingen ville finne ut at løver faktisk ikkje ser ut som små kattar. Ikkje før eit par tiår seinare i alle fall.

Fast stopp for turistar

I dag vert kyrkja for det meste brukt som eit museum, til omvising for alle som måtte ynskje å sjå. No står den der slik den har gjort i fleire år, utan verken straum eller varme. Sistnemde er nok grunnen til at den har halde seg så godt alle desse åra, utan ein einaste brann. Måleria på veggane er også godt bevarte for å vere godt over 200 år. Sidan den står utan straum eller varme brukast den ikkje lenger til vanlege gudstenester, det har den ikkje gjort på fleire år. Rosekyrkja viste seg å vere for lita til slikt bruk,  og ei ny kyrkje vart sett opp lenger nede i dalen. Jens Zetlitz Monrad Kielland, som teikna den nye kyrkja, såg den store verdien som låg i Rosekyrkja, og kjempa for å bevare den, medan fleire andre ville ha den riven.

Fleire

Kyrkja har vorte meir kjend dei siste åra, så besøkstala har stige betydeleg.

– Forrige veke var det om lag 600 stykke innom på berre ein dag. Dette var turistar fordelte på 15 bussar. Det er flest turistar innom, så antalet besøk avhengar mykje på om det kjem turistbussar eller ikkje. Det er spesielt tyske turistar som tek turen hit, nokre meir interesserte og frampå enn andre.