Ei radioveke med Oddfrid Tafjord

Oddfrid Tafjord og reporter Håvard Karlsen gleder lyttarane av Norgesglasset på NRK P1 frå måndag til fredag denne veka. Foto frå facebooksida til Norgesglasset.

Norgesglasset på NRK P1 sender denne veka ein «radio-reality» med Oddfrid Tafjord og førebuingane hennar til opninga av Tafjord Camping.

I januar snakka redaksjonen i Norgesglasset med Oddfrid på telefon om varmerekorden som bygda nesten greidde å slå.

Sjarmerte i senk

Den sprudlande dama frå Tafjord sjarmerte redaksjonen og dei fekk tilbakemeldingar frå lyttarar som likte å høyre på henne.

Det er grunnen til at Oddfrid denne veka er på NRK P1 og Norgesglasset frå måndag til fredag der ho i rasande fart fortel om livet i bygda og på campingplassen.

Livet i Tafjord

Oddfrid har fått mange tilbakemeldingar og mange spør korleis det er å høyre seg sjølv på radio.

– Det er like spennande for meg som for dokke. Den kjekke gjengen frå NRK følgde meg ein heil dag og det å få høyre korleis dei har redigert og sett saman det heile, vert ei ny oppleving for meg òg, seier ho. Tysdag denne veka var «vasketante» Ragnhild òg med på radioen, ein engasjert og trufast medhjelpar når campingen skal klargjerast.

– Du veit, folk set pris på reportasjar om vanlege menneske og eg er ikkje redd for å stikke meg fram. Det må ikkje bli slik at berre profesjonelle skal uttale seg og at du må ha ein bachelorgrad for å opne munnen, seier Oddfrid slik ho pleier å servere orda.

Episodar på nett

No er det to dagar att med innslag av Oddfrid Tafjord på Norgesglasset denne veka og har du ikkje fått med deg alle episodane, finn du dei på nett på denne adressa: https://radio.nrk.no/serie/norgesglasset

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no