– Ei spennande utfordring i eit fint område

Yngve Strand har lang erfaring i hotellbransjen og ser på jobben som dagleg leiar ved Valldal Fjordhotell som ei stor moglegheit.

Yngve Strand er den nye daglege leiaren på Valldal Fjordhotell. Han tok til i stillinga seint hausten 2016. Han ser det som ei stor moglegheit og er allereie godt i gang.

Yngve Stranda starta karrieren innanfor hotell- og restaurantbransjen i Florø etter vidaregåande skule. Fyrst i oppvasken, så i resepsjonen. I dag bur han på Valle med sambuar og to born.

Lang og god erfaring

Han kom frå jobben som assisterande hotellsjef på Storfjord Hotell, der han har hatt sin arbeidsplass dei siste fire-fem åra. Til saman har han 21 års erfaring i ein bransje han føler seg heime og vel i. Seilet i Molde og restaurantane Egon i Molde og Ålesund er òg arbeidsplassar han har vore innom i løpet av desse åra.

Frå tida i Molde vart han kjend med folka i Classic Norway, og han hadde med dei ein munnleg avtale om at dei skulle seie frå om det skulle dukke opp noko interessant dei kunne samarbeide om. Seint sist haust dukka det opp ei slik moglegheit.

Kjenner området

Sidan svigermor hans bur i Tafjord, har familien vore mykje i området, og då Yngve fekk høve til å vere hotellsjef ved Valldal Fjordhotell, syntest han det var utruleg spennande.

– Å arbeide på eit turisthotell her inne sommarstid ser eg på som ei stor moglegheit for meg. Her er inne er det utruleg mange aktivitetar og aktørar til å vere ein så liten stad. Her er det mange som har same mål: å få gjester til å kome hit og bli verande ei stund, seier den nye hotellsjefen.

Nyttar tida godt

No er det ein stille periode. Muritunet nyttar halve hotellet, men det er enno 20 senger ledig.

– I slike periodar driv vi med aktivt sal og med bedriftbesøk. Vi er opne for grupper også i helgane denne tida, seier Yngve Strand. 

Han synest det nye hotellet er flott, har ei fantastisk plassering og gode løysingar.

– Når vi sel Valldal Fjordhotell, er det som ein plass der det er ro og fred. Ein stad der grupper kan vere i lag og ha eit stort utval av aktivitetar tilgjengeleg. Naturen, fjorden og fjella sel seg sjølve, men det kan vere greitt å minne moglege gjester på at dei finst, smiler Yngve Strand.

Han gleder seg til sommarsesongen og seier det skal bli spennande å sjå om den gode trenden frå opninga sist sommar i held seg.

– Då strøymde det på med turistar, og det var nesten slik at dei kunne stenge ned bookinga på nettet. Turistane stod på døra kvar dag, seier den nye og godt motiverte hotellsjefen på Valldal Fjordhotell.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no