Ei unik moglegheit til å få vere med på å finne namn på den nye kommunen

Fellesnemnda samla til møte førre veke der det mellom anna vart bestemt å invitere store og små innbyggjarar til å kome med framlegg til namn på den nye kommunen.

Slik omtalar leiar av fellesnemnda Eva Hove det å få lov til å vere med på å bestemme namnet til den nye kommunen, det slett ikkje er kvar dag det verken blir ny kommune eller nytt namn.

Eva Hove er oppteken av å skape identitet i det nye fellesskapet.

– Det er sjeldan ein har høve til å bestemme namnet på ein kommune, det er noko vi nesten aldri er med på, slår ho fast og legg til at «Storfjord kommune» berre var ein arbeidstittel under arbeidet med intensjonsavtalen.

Namnekonkurranse

På vegner av fellesnemnda inviterer ho med dette alle – innbyggjarar og andre – til å kome med framlegg til namn på den nye kommunen.

– Det bør vere eit namn som seier noko om oss, noko som kjenneteiknar oss, alternativt noko som kastar lys over historia eller den kulturelle arven vår, seier ho og legg til at det er viktig for bygginga av den nye kommunen at dei fleste kan kjenne tilknyting til og identifisere seg med den nye kommunen.

– Skulane i den nye kommunen blir også inviterte til å delta.

Hove fortel at der ligg sentrale føringar for eit nytt kommunenamn. Mellom anna kan det ikkje vere eit namn som er i bruk frå før, det må vere unikt.

– Dessutan må det vere eit namn som står seg fram i tid.

Frist før sommaren

Fristen for å kome med namneframlegg er sett til 20. juni. Deretter vil fellesnemnda gå gjennom alle framlegga og kome med si innstilling til det felles kommunestyremøtet som truleg vil bli halde ikkje lenge etter at sommarferien er over. Fristen er også sett såpass tidleg slik at fellesnemnda skal ha god tid til å vurdere framlegga, i tillegg til tid til å rådføre seg med andre instansar dersom det skulle vere naudsynt.

– Det er altså fellesnemnda som innstiller til det felles kommunestyret, som vedtar namnet på den nye kommunen, seier ho.

Gammal og ny identitet

Stordalsordføraren understrekar at innbyggjarane også i framtida vil ha sin identitet som stordalingar, valldalingar, norddalingar – samtidig som ein ny identitet skal byggjast.

– Den nye kommunen blir ein ny overbygning over dette, seier ho.

  Eg trur at mange innbyggjarar både i Norddal og Stordal opplever at kommunen i dag  leverer gode tenester og set pris på  at der er nærleik og korte avstandar både til politikarane og dei som yter tenestene.  Å vidareutvikle og trygge dei kommunale tenestene for framtida  skal kjenneteikne arbeidet med den nye kommunen.                                                                                                  

Hove fortel også at fleire av dei tilsette har gitt uttrykk for at dei  gler seg til å bli del av ei litt større eining, at dei gler seg til å vere litt fleire og bli mindre sårbare.

Mykje til felles

Hove trur det ekteskapet kan bli rett så lukkeleg og omtalar dei to kommunane som to kommunar som har mykje til felles og som også utfyller kvarandre på ein god måte.

– Det er mykje vi har til felles som vil komplettere og styrke den nye kommunen og eg synest det er spennande å prøve å skape ein ny identitet, seier ho og legg til at eit godt namn er viktig for identiteten.

– Og det er viktig å få det på plass tidleg slik at innbyggjarane kan begynne å venje seg til og byrje å bli glad i det nye namnet, avsluttar ho og håper på retteleg mange gode og spennande framlegg til namn.

Framlegga må setjast fram skriftleg, til servicekontoret ein av dei to kommunane.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no