Eide Camping ligg ved Eidsvatnet, midt i "The Golden Route", på vegen mellom Eidsdal og Geiranger.  Utleigehytter med 4-8 sengeplassar, med alle fasilitetar; dusj, toalett og fullt utstyrte kjøkken.  Eit steinkast frå hyttene er det utleige av robåtar, som kan nyttast til ørretfiske i det fiskerike Eidsvatnet 

Eide Camping
6215 Eidsdal
Norway
Tel.:+47 70259744

E-post: pet-e@online.no

Området har også eit mangfald merka turløyper som passar alt frå mosjonistar til røynde tindebestigarar. Det er også høve til å kjøpe fiskekort til omliggande fjellvatn. Og om ein ønsker å nyte naturen frå bilvindauget, er Ørnevegen ned mot Geiranger eit flott alternativ - berre 15 minutt å køyre.  Dersom ein reiser motsatt veg, finn ein Trollstigen, berre 35 km unna.