Eidsdal og Norddal med eigen rapport om kommunesamanslåing

Tysdag ettermiddag kom rapporten frå utgreiinga av alternativ knytt til bygdene Norddal og Eidsdal inn i Stranda kommune. No er den lagt ut på høyring, og alle som ønskjer det, kan kome med innspel.

Vi syner til tidlegare dialog kring vårt initiativ som innbyggjarar: Ynskje om å sjå på alternativet at bygdene Norddal og Eidsdal går inn i Stranda kommune. Arbeidsgruppa legg her fram sin rapport. Rapporten er utarbeidd på grunnlag av mandat frå bygdemøte i Eidsdal i november.

Rapporten vert no lagt ut til høyring, fyrst og fremst for at innbyggjarane i bygdene Eidsdal og Norddal skal få høve til å komme med sine innspel. Dersom andre ynskjer å sende oss innspel, er vi opne for dette.

Høyringsfristen vert sett til 28.12.2015. Ev. uttalar sendast til Else Ragni Yttredal, helst på e-post elseragni.yttredal@moreforsk.no

Dersom ein ikkje kan nytte elektronisk post, kan brevpost nyttast: Else Ragni Yttredal, 6214 Norddal. NB: Innspel må då vere oss i hende seinast 28/12-15.

Høyringsdokumentet vert lagt ut på Coop Eidsdal og Joker Norddal.

Dokumentet vert òg sendt ut på mail til folk i Eidsdal og Norddal, så langt vi har adresser.

Her finn du rapporten som pdf-fil
rapp