Eidsdal skule leiar klassequizen

Solveig Eide Grønningsæter, Pauline Birkeland og Sigve Nydal, alle tiandeklassingar ved Eidsdal skule, var dei einaste med full pott i klassequizen. No vel dei å trekkje seg frå konkurransen og heller reise på klassetur.

Tolv rette av tolv moglege vart fasiten etter klassequizen fredag og eidsdalingane er førebels einaste skulen i Møre og Romsdal med full pott.

KORT SAGT

• 40 skular i Møre og Romsdal er påmelde til 2018-utgåva av klassequizen. Totalt er 468 skular landet over påmelde.

• Det er tiandeklasseelevar som deltek, tre elevar representerer si klasse.

• Alle får tolv spørsmål fordelt på fire kategoriar.

• Elevane frå Eidsdal skule er førebels dei einaste som har alt rett.

• Det er distriktskontora i NRK som arrangerer dei innleiande rundene.

• Til våren møtest landets beste tiandeklassingar, ei klasse frå kvart fylke,  i den nasjonale finalen i Oslo som vert sendt over fem program på NRK1.

Fredag var NRK Møre og Romsdal i Eidsdal der Pauline Birkeland, Sigve Nydal og Solveig Eide Grønningsæter var klare for å delta i årets klassequiz.

Førebuingar

Fire kategoriar med tre spørsmål i kvar måtte dei – som alle andre gjennom, og som einaste skule så langt, svarte dei rett på alle tolv spørsmåla.

Storfjordnytt var naturlegvis innom skulen for å ta bilete og få ein rask prat med dei tre tiandeklassingane før dei skal starte dagen med naturfag. Ingen av dei syntest det var spesielt skummelt å skulle løyse oppgåver med mikrofonen gåande – sjølv om det var litt rart i starten.

– Korleis førebur ein seg på å delta i ein slik konkurranse?

– Læraren vår (Martin Berg, red. anm.) kunne plutselig kome inn i timen og seie det var quiz-tid, fortel Pauline. Men dei er samde om at det ikkje er så enkelt å førebu seg, ein veit jo aldri kva tema og kva spørsmål ein får.

– Det var varierande vanskegrad på spørsmåla vi fekk, nokre var ganske lette, andre ikkje fullt så lette, slår Sigve fast.

Martin Berg som er kontaktlærar for tiandeklassen og ivrig «kvissar» sjølv, var veldig spent på korleis elevane hans skulle gjere det, men var svært nøgd med at dei hugsa enkelte ting han hadde drilla dei på. Han er optimisk med tanke på at elevane skal gå vidare, men seier det framleis er mange skular att og at det er fleire som kan gjere det bra.

– Vi tar ingenting på forskot, men sjansane for å gå vidare er der, seier han.

Andre resultat

Den førebelse andreplassen er det Halsa barne- og ungdomsskule som har med sine ti poeng.

Også Valldal skule og Stordal skule kunne radiolyttarane høyre førre veke, dei fekk også gode resultat, med høvesvis sju og ni poeng.

For Valldal skule deltok Emma Vikene, Helena Indreeide Rognsø og Eskil Linge Glomnes.

Eirik Øvrebust Olsen, Hedda Helland og William Vad representerte Stordal skule. Dei meinte dei kunne greidd eit betre resultat enn dei ni poenga dei enda med, men syntest likevel at det var greitt nok, skal ein tru uttalen deira til NRK Møre og Romsdal.

Totalt er det 40 skular med i årets klassequiz – då denne vekas utgåve av Storfjordnytt gjekk i trykken tidleg i går ettermiddag, var det 18 skular som har vore i ilden, men framleis er det 22 skular att, så det står att å sjå om eidsdalingane held førsteplassen åleine når ein er gjennom alle dei 40 skulane.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no