Ein intensjonsavtale er ikkje ein juridisk bindande avtale

Kvar kommunesenteret i Fjord kommune blir, er framleis uklart. Kanskje blir det noko klarare når det nye kommunestyret konstituerar seg i ettermiddag/kveld.

Det slår jusprofessor Jan Fridthjof Bernt fast overfor Storfjordnytt.

Det har den seinare tid vore mykje diskusjon kring intensjonsavtalen som har danna grunnlaget for bygginga av nye Fjord kommune.

Etter kommunevalet førre månad, vart det klart at «avtalekompisane» Høgre, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet ønskjer å fråvike intensjonsavtalen i det dei kallar eit valteknisk samarbeid. Dette samarbeidet gjer at Eva Hove (Ap) truleg vert valt til ordførar og Viktor Valdal (H) til varaordførar i dag.

Ingen bindande avtale

Når det gjeld spørsmålet om det er slik at eit nytt vedtak med omsyn til kvar administrasjonsstaden til Fjord kommune skal vere vere, kan det – om ein tek kommunelova bokstaveleg – tidlegast gjerast på første ordinære kommunestyremøte som ifølgje møteplanen skal haldast onsdag 30. oktober. Om spørsmålet kan behandlast allereie på det konstituerande møtet i dag, har Storfjordnytt kontakta professor emeritus i rettsvitskap Jan Fridthjof Bernt ved juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Han er ein som ofte vert spurt om å uttale seg i slike spørsmål, ekspert som han er innan mellom anna forvaltningsrett og kommunalrett.

Jusprofessoren slår fast at ein intensjonsavtale ikkje har nokon juridisk bindande kraft, berre moralsk – og at fellesnemnda sitt vedtak gjeld inntil noko anna er vedteke av det nye kommunestyret. Han seier vidare at det er opp til det nye kommunestyret å vurdere om det er behov for ytterlegare saksutgreiing med tanke på val av administrasjonsstad for Fjord kommune før saka eventuelt blir tatt opp til vurdering av det nye kommunestyret. I tillegg får Storfjordnytt vite at det er slik at rådmannen i ei slik saksutgreiing og i si innstilling til vedtak kan lage saka og innstille på det han synest er best, utan å vere bunden av intensjonsavtalen.

Rådmannen kan innstille som han vil

– Rådmannen har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at alle relevante opplysningar om det aktuelle saksforholdet – herunder økonomiske konsekvensar – er korrekte og fullstendige. Men han skal sjølvsagt ikkje gå inn i diskusjonen om kva som er ønskeleg, seier Bernt og legg til at i ei kontroversiell sak som dette må rådmannen vere ekstra tilbakehalden med å flagge eigne synspunkt på kva ein bør gjere.

Opp til kommunestyret

– Når det gjeld det konstituerande møtet som vert halde i ettermiddag, er det regulert i kommunelova kva som skal vere på sakslista. Kan likevel det nye kommunestyret ta opp saka allereie i dag, eller må ein vente til det første ordinære kommunestyremøtet?

– Det er rett at det alminnelege utgangspunktet er at sakslista på det konstituerande møtet er regulert av kommunelova. Men i heilt spesielle situasjonar vil eg anta at den som kallar inn til møtet vil kunne setje opp ei sak som dette til behandling i møtet, men då først etter at kommunestyret har konstituert seg. Og det nye kommunestyret må då ta stilling til om det ønskjer å behandle saka der og då eller ikkje, svarar Bernt.

Ingen klageadgang

Når det gjeld moglegheita for å klage på eit eventuelt vedtak om å snu om på intensjonsavtalen, svarar Bernt at det normalt ikkje er nokon moglegheit til det.

– Den einaste moglegheita er isåfall lovlegheitsklage til fylkesmannen dersom det kan påvisast feil i saksbehandling eller grunnlaget for eit eventuelt nytt vedtak. Men det skal mykje til før ein slik klage vil føre fram, seier Bernt og legg til at ein lovlegheitsklage ikkje har utsettande verknad dersom ikkje anten kommunestyret eller fylkesmannen fattar vedtak om akkurat det.

Dermed blir det spennande å følgje det konstituerande kommunestyremøtet i ettermiddag.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no