Ein kveld for dei store opplevingane

Martinus Rønneberg med eit flott frispark som gjekk rett i mål. Han la fleire ballar pent på plass høgt oppe i det venstre hjørnet.

Etter godt over ti år utan fotballag for dei eldste gutane har både Valldal og NEG (Norddal, Eidsdal og Geiranger) stilt lag i avdeling 3 på Sunnmøre.

Det er sjuarfotball som vert spelt og i Valldal er det ti år sidan dei hadde eit seniorlag og i Eidsdal og Norddal om lag 12-13 år sidan. På begge laga er det godt over 20 spelarar som er med og som trenar fast.

På Norddal, Eidsdal og Geiranger sitt lag er det fleire yngre spelarar, både 15- og 16-åringar. Snittalderen er litt høgare på Valldal sine spelarar.

Høg stemning

Heimesupportarane var mange, om lag 50 av dei var det på Langereiten stadion i Eidsdal tysdag kveld. Kampen starta ikkje før klokka 20.30 og det var ikkje grunna TV-overføringar, men ei brannøving i Valldal.

Tidleg mål

Kampen var knapt sett i gang før Kristian Eliassen lekkert sette inn det første målet for NEG på eit lekkert framspel. I løpet av kampen hadde NEG fleire fine angrep og innøvde trekk på dødballar.

Etter fyrste omgang leia NEG-fotball 6-0 og stemninga var skyhøg på sidelina der heimesupportarane stod. Kommentarar i deira favør slapp ut mellom leppene, det var flomlys og vaflar, kaffi og kakao i kiosken.

Fem lag

NEG spelte med energi og sjølvtillit, angrepa vart mange mot Valldal sitt mål og åtte av måla var det Martinus Rønneberg som scora.

Valldal hadde fire målscorarar på sine fire mål. I denne avdelinga er det fem lag og dei skal spele 15 serierundar. Valldal sin neste heimekamp er mot Stranda 2 27. april medan NEG spelar heime mot same lag 10. mai. I denne avdelinga spelar FK Sykkylven, Stranda 2, Fiskarstrand Vikings, Valldal og NEG. Siste kampen spelast 27. september og då vil tabellen vise om resultatet mellom dei to rivalane NEG og Valldal tysdag denne veka var tilfeldig eller ikkje.

Aldri tvil

I starten av andre omgang var tempoet og intensitet litt lågare og det var Valldal som fekk det fyrste målet. Dei scora til saman fire i andre omgang medan NEG scora fem. Det var NEG som hadde det beste spelet, men Valldal sin gutar kom etter kvart betre inn i kampen og kjempa bra. Det var aldri tvil om kven som skulle gå av med sigeren

Kvelden senka seg og mørket kom krypande, flomlys og eit ekstatisk heimepublikum i tillegg til dei heiltente spelarane var ikkje lett å stå i mot for Valldal sine gutar. Når dommaren blas av kampen var klokka 22.15, ferja låg på Linge og resultatet lyste frå tavla (det hadde passa ein slik kveld): 11-4

Før kampen, medan det enno var lyst, stilte dei to laga opp til eit historisk bilete. Valldal sine gutar til høgre, NEG sine til venstre.

Før kampen, medan det enno var lyst, stilte dei to laga opp til eit historisk bilete. Valldal sine gutar til høgre, NEG sine til venstre.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no