Ein laurdag i Tafjord

På ungdomshuset var det fullt av ting og tang og folk på leiting etter noko fint eller nyttig.

Dette året var det ikkje tradisjonell Tafjordmartna, men loppemarknad og Tafjordmarsj i billetten frå kraft- og skredsenteret som samla mykje folk i bygda laurdag 14. juli.

Utanfor ungdomshuset var det kø før loppemarknaden opna og mange stakk innom på Kraft- og skredsenteret for å oppleve det dei kunne by på, i tillegg til å gå Tafjordmarsj opp til Onilsavatnet og attende.

Den aller fyrste

Det var ein god kombinasjon og etter ein tur innom opplevingssenteret, starta mange på marsjen. På vegen opp dit kunne du sjå grunnmurane og restane etter den aller fyrste kraftstasjonen i Tafjord som vart sett i drift nyttårsaftan 1918. Den vart nytta til å produsere anleggsstraum då arbeidet på kraftstasjon nummer ein vart starta.

Råsa var godt rydda og merka og Turid og Gunnar Aspehjell viste vegen til kraftstasjonen og Gunnar fortalde og gav tekniske opplysingar.

Loppemarknad

– Du har alltid ei kasse med ting du kan gje til ein loppemarknad og då har du plass til å ta med noko gammalt nytt heimatt, seier ei blid dame på jakt etter noko ho likar eller har bruk for i den innhaldsrike loppemarknaden på ungdomshuset i Tafjord.

– Vi har så mykje alle saman og det er utruleg bra at nokon tek initiativ til eit slikt arrangement. Det vert òg ein aktivitet for oss som er her og ferierer, seier ein kar.

Rigmor Grønningsæter seier at folk likar loppemarknader og nokre kjem ganske langvegsfrå for å få det med seg. Det er mest ting og tang til stove og kjøkken, men òg ein del møbler og andre spesielle saker som folk er på jakt etter og som ikkje kostar mykje.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no