Ein snikkar frå Skåne

Martin Persson trivst godt i Stordal og det same gjer snikkarfirmaet hans. Eldar Ove Villa er ein tidlegare arbeidskollega og når Martin treng mur- eller fliskompetanse tek han kontakt.

Martin Persson starta Stordal Byggservice for fire år sidan, har bygd nytt hus i Røbbane saman med Stine Mari Olsen og både han og bedrifta trivst godt i Stordal.

Storfjordnytt treff snikkaren frå Skåne i eit hus der han arbeider med oppussing innandørs i Hovslia.

Prøvd litt av kvart

Det var medan han arbeidde i firmaet Jørgen Valde på oppdrag i Ålesunds-området han traff kjærleiken i ei jente frå Stordal. Dei likte godt Stordal, men ville prøve korleis det var å bu i Sverige før dei bestemte seg for kvar dei ville slå seg ned. Etter eit år i Skåne sette dei kursen for Stordal og Martin etablerte snikkarfirmaet sitt.

– Dei fire åra eg har halde på her i Stordal har det vore bra med arbeid. Mest her i Stordal, men òg i nærområdet. Eg leiger meg ut til andre firma når det passar slik og i Christie & Opsahl har eg mellom anna vore med å byggje Stordal skule og kraftstasjon i Tafjordfjella, seier Martin Persson.

Samarbeidspartnar

I tillegg til sitt eige hus har han no nettopp ferdigstilt eit hus i Røbbane i Stordal. Det er Valldal Høvleri som har teikna, tilpassa og seld huset og leigd inn Stordal Byggservice om utførande snikkar.

– Det å reise eit bygg er av det kjekkaste eg gjer som snikkar. Det er nokre utfordringar med å vere åleine, men eg har gode folk eg samarbeider med og som eg leiger inn ved behov. Valldal Høvleri er min leverandør av material og treng eg hjelp til teikning eller utrekning, er dei gode å ha, seier sjefen i Stordal Byggservice. Å setje opp eit hus, reknar han som eit årsverk. I Hovslia er han i ferd med listing i ei stove. Til murarbeid og murpuss er Eldar Ove Villa på plass frå firmaet Jørgen Valde.

– Eg jobbar effektivt med snikkararbeid og Eldar gjer det han kan best. Når resultatet vert bra og kunden er nøgd er det den beste måten å marknadsføre seg sjølv, smiler Martin.

Greit å vere åleine

Eige snikkarfirma tek mykje tid. Snikkar har han vore heile sitt yrkesaktive liv og trass sin unge alder har han fått med seg erfaringar frå mange typar arbeid. Han har tenkt tanken på å tilsetje nokon, men har kome fram til at det vil krevje meir tid og at han er nøgd med situasjonen slik den er i dag. I fritida prøver han så godt han kan å vere med i fotballaget i Stordal.

– Det kan verte litt knapt med tid, så siste sesong var eg med på fleire kampar enn treningar, seier Martin Persson. Han er med i det lokale brannkorpset og opplever det som både eit spennande og meiningsfullt arbeid.

Skåne

Det nærmar seg slutten av dagen og veka då Storfjordnytt er på bedriftsbesøk i Stordal, og Martin Persson samlar saman verktyet sitt medan Eldar Ove Villa pussar ferdig pipemuren. På spørsmål om kva som er blitt det viktigaste verktyet, kjem svaret fort. Drillen.

– Det brukast ikkje så mykje spikar meir og hammaren er mest til for «å kakke til». Dei forskjellige sagene er òg viktige verkty, men endå viktigare er sagbladet, seier snikkaren frå Skåne.

Den svenske dialekta er særprega og med riktig store o’ar.

– Fyrste gong eg traff Martin var vi oppe i ein lift i lag og eg skjønte lite av det han sa, for å seie det fint, smiler Eldar Ove Villa.

Sjølv har ikkje Martin noko problem med å forstå det norske språket og sunnmøringane pratar tydeleg i hans øyrer.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no