Einaste med full pott – trekkjer seg frå vidare konkurranse

Solveig Eide Grønningsæter, Pauline Birkeland og Sigve Nydal, alle tiandeklassingar ved Eidsdal skule, var dei einaste med full pott i klassequizen. No vel dei å trekkje seg frå konkurransen og heller reise på klassetur.

Etter at 40 skular i Møre og Romsdal har delteke i den innleiande runden av NRK sin klassequiz, var elevane Eidsdal skule dei einaste som hadde tolv rette av tolv moglege.

Heile seks lag delte andreplassen med 10 poeng.

Frå den innleiande runden er det fire lag som går vidare til fylkesfinalen. Dei to beste i fylkesfinalen går vidare til landsfinalen som vert sendt på NRK fjernsyn.

NRK Møre og Romsdal melde i dag at laget frå Eidsdal skule har valt å trekkje seg frå vidare konkurranse. Årsaka er at det kolliderer med den lenge planlagde klasseturen til Polen. Av dei seks laga som delte andreplassen, har også laget frå Haramsøy valt å trekkje seg frå vidare konkurranse – dei skal også på klassetur til Polen.

Dermed endar det med at dei fem attverande laga med ti poeng må gjennom ei semifinalerunde for å kåre dei fire laga som går vidare til fylkesfinalen.

Meir om dette i neste vekes papirutgåve av avisa.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no