Eit menneskeleg møte med røynda

I geitefjøsane er mange no i full gang med kjeinga. Då er det godt med hjelp og Turid Innset i Norddal har i mange år gjort det av lyst og glede.

– Ja det er av lyst, eg er glad for å få moglegheita til å lære desse søte små kjea å drikke mjølk av smukk. Eg kjem og går slik det passar, men har eg starta på ein flokk, må eg gjere meg ferdig, seier Turid Innset og set seg godt til rette på ein krakk.

Melchiorgarden

Det er i geitefjøsen til Torunn og Petter i Melchiorgarden i Norddal ho hjelper til, det har ho gjort i mange år. Turid pensjonerte seg då ho var 62, men tok vakter på omsorgsbustadene i Liabygda etter det og gjer det framleis. 

– Eg likar godt å ha noko å halde på med. Her i fjøsen er det sosialt og så får eg fin trim, ikkje minst. Det er mykje med dette eg likar og dyra gir meg både ro og glede, seier Turid.

Etter at kjea er fødde er dei hos mor si nokre dagar før dei startar opplæring på smokk. Tre gongar om dagen må dei matast og trenast og etter femte gongen kan dei fleste å få i seg føda sjølv.

Ingen er heilt like, nokre finn fort fram til kjelda til vekst og framgang. Andre må hjelpast i gang og kosast litt ekstra med.

– Men det kjem seg etterkvart, du må vere tolmodig og kose litt med dei. Det er litt sårt å høyre når dei gret etter mor si og ho etter dei. Det går no over etterkvart, slik som det meste gjer, seier ho. Turid legg til at det hender dei må gje endå litt ekstra og då mjølker dei geita for råmelk, eller koe slik ho kallar det, for å få kjea i gong.

Automat

Det er mykje som skjer i geitefjøsen når Storfjordnytt er på vitjing. Tre generasjonar er i gong med kveldstell. Rundt Turid kryr det av små kje som vil ha eit eller anna. Mjølka dei får får dei frå ein automat med mjølkepulver. Det vert blanda med vatn, som held 38-40 grader, som går i slange til fastmonterte smukkar.

– Det kan verte litt travelt når alle vil ha mat samstundes, men nokre er nøydde til å vente heilt til slutt. Ja no skal vi fylle opp alle magar, så så alle skal få, alle skal få, seier Turid. Dette har ho gjort så mange gongar at ho kjenner når magen er full, då flyttar ho kjea med full mage over i ei stekke for slike som dei og held fram med arbeidet.

Vinter og sommar

– Det er artig å sjå at dei finn ut av det og klarar seg, dei veks fort. Vår og haust får eg låne nokre av dei att og då beitar dei ned kratt og småskog oppe på Innset der eg bur. Det hender vi har dyr der somrane med. Det er Harald (Fossheim) som held gardane, for gode gardar må til for å halde geita på plass, og bonden i Melchiorgarden held med materiell, seier Turid.

Turid voks opp på Innset i Norddal med ku og sau på garden. Dyr likar ho godt og seier ho får håpe ho slepp å oppleve at husdyra forsvinn frå landskapet på bygdene. 

– Dei er flinke her i Melchiorgarden og det er kjekt å vere her. Når eg kjem heim set eg meg ned og føler meg både glad og trøytt. Dyra gir meg mykje og det er godt å vite du gjer noko meiningsfullt, seier Turid Innset.

Storfjordnytt kikkar bort på gardkjerringa som òg sit og forar kje. At gleda er gjensidig, er det lita tvil om. 

– Å ha Turid her til å hjelpe oss i fjøsen er vi veldig glade for. Treng du døme på ein vinn vinn-situasjon, så har du det her, seier Torunn og fôrar vidare.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no