– Eit minne for livet

Jonas Fjeld og Ole Jørn Myklebust serverte ein humørfylt konsert på Røde Kors-huset i Eidsdal sist laurdag.

I år som dei to åra før, vart Eidsdalsrøre avslutta med konsert. Laurdag fekk vi sjå og høyre to muntre herrar med glimt i auget og mykje musikalitet.

Ole Jørn Myklebust har fått for vane å invitere musikalske vener til Eidsdal og i år var det Jonas Fjeld som kom. Fjeld takka for invitasjonen og syntest det var veldig greitt å endeleg få sjå staden som Ole Jørn har snakka så mykje om i løpet av dei åra dei to har kjent kvarandre og arbeidd saman.

Artist i 43 år

Fjeld hadde fått seg ein runde på Eidsdalsrøre tidlegare på dagen der han fortalde at han set stor pris på stader som dette. Storfjordnytt hadde sett føre seg ein slags ”før konserten-prat”, men Fjeld vart ganske raskt meir interessert i alt som var til sals i staden. Etter å ha fått forsikringar om at det som var å få kjøpt denne dagen er relativt lokalt produsert, forsvann den godaste Fjeld – og vart seinare observert både med handleposar, vaffel og kaffi. Fjeld slo fast at eit besøk i Eidsdal og på Eidsdalsrøre vil vere eit minne for livet.

Konserten vart ein humørfylt affære – og sjølvsagt full av god musikk. Fjeld fortalde at han har halde på i 43 år – og at han er takksam for at han har kunne leve av hobbyen sin.

– Det er eit privilegium, sjølv om eg med det eigentleg aldri har jobba, med unnatak av ein gjesteopptreden i Drammen parkvesen i 1968, sa han.

Det var hovudsakeleg songane til Jonas Fjeld som stod i sentrum denne kvelden, med Ole Jørn som korist, trompetist og gitarist. Vi fekk songar frå ein lang og rikhaldig karriere, deriblant fleire stemningsbilete frå Drammen som Fjeld kalla det. Meillom dei var ”Nedover elva” og ”Drammen i regn”. ”Akkurat her” er ein av dei Jo Nesbø har skrive tekst til. ”Engler i snøen” var sjølvsagt på det Fjeld kalla ”bruksanvisningen for kvelden”, det same var ”Tordensky”, ”Sett bagen fra deg” og mange, mange fleire.

CD-innspeling

Ole Jørn Myklebust kunne fortelje at han denne veka skal spele inn musikken frå fjorårets konsert og gav publikum eit lite minne frå då, med songen ”Gløymd”, godt akkompagnert av Jonas Fjeld på gitar. Fjeld kalla besøket i Eidsdal for eit minne for livet, noko som også var kommentaren då Ole Jørn hengde på seg gitaren.

– Ole Jørn med gitar er verkeleg eit minne for livet, så de som noterer og tar bilete, ver om dykk no, var beskjeden frå scena.

Mot slutten av konserten, nytta Ole Jørn Myklebust høvet til å takke alle i Tindrande Eidsdal for arrangementet og engasjementet deira.

– Takk for alt det fantastiske de får til, dagen i dag har vore fantastisk, det har vore veldig, veldig, veldig stas. Og tusen takk for at de slepp meg til i år igjen, sa han

Aldersspennet mellom publikum var stort – alt frå dei i sin aller beste alder pluss til dei aller yngste. Og den aller yngste publikummaren laurdag, var ei ung dame på sju veker på første rad, godt utstyrt med rosa øyreklokker og medbragt mat. Ho vart rapportert å trivast så godt på konsert at ho rett og slett somna undervegs. Dei litt eldre somna slett ikkje, tvert om, dei stortrivdest – song med på refreng på fleire av songane, klappa og gav på alle måtar uttrykk for at dei hadde det bra. To gongar måtte den musikalske duoen attende på scena og spele meir før publikum var ”mette”. Etter konserten hagla superlativ som ”kjempebra”, ”strålande” og ”fantastisk” frå publikummarar på veg ut i maikvelden. Også dei musikalske herrane var strålande nøgde der dei slappa av på bakrommet før nedrigginga starta.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no