Eit stipend kjem godt med

Rishi Sæther fekk TEFT-stipend på 30.000 kroner av banksjefen på Stranda, Kjell Martin Ringset.

Sparebanken Møre delte ut TEFT-stipend til mellom anna Rishi Sæther frå Liabygda på galla i Martin Linge-huset sist torsdag.

Utdeling av stipenda skjedde i kultursalen, men før den tid var det god mat og drikke i det sosiale rommet i andre etasje levert og laga av Sylteormen bakeri.

I kultursalen starta utdelinga klokka sju og dei som var inviterte visste at dei skulle få stipend, men viste ikkje noko om storleiken på det.

Stilig

I år deler banken ut 16 stipend og totalt delte dei ut 800.000 kroner på talent som utmerkar seg i Møre og Romsdal innan kategoriane sport, kultur og opa klasse.

Kultursalen var teke over av profesjonelle lyd- og lysfolk, her skulle ingen ting vere overlate til tilfeldigheitene. 

– At vi valde å nytte Martin Linge-huset er vel Stein Ivar Krohn si forteneste. Han har vore ein god ambassadør for Norddal og når Sparebanken Møre òg har vore med på å gje midlar til Martin Linge-huset passa det bra å nytte det, seier informasjonsansvarleg i Sparebanken Møre, Linda Rafteseth Grimstad.

Stilig

Lyset var sløkt i salen og Storfjordnytt fekk presseplass og presseakkreditering. To flinke dansarar opna hendinga og så var utdelinga av stipenda i gang. Den lokale banksjefen delte ut til dei i sitt område og tidleg i programmet kom banksjef Kjell Martin Ringset frå Stranda opp på scena og fortalde om Rishi sine prestasjonar og kvifor banken hadde valt ut nettop han til å få eit stipend på 30.000 kroner. 

Kjell Martin Ringset sa at han er glad og stolt over å få kunne vere den som fekk dele ut eit slikt stipend til ein frå eiga bygd.

Ein audmjuk Rishi Sæther entra scena og takka juryen og alle dei som har vore med og hjelpt han på vegen. 

– Eg vil takke familien sjølvsagt og spesielt han som har køyrt alle dei lange turane, Liabygda idrettslag og folk i bygda som har vore så hjelpsame og positive. 

Rishi er kort og får sagt mykje på lita tid.

Det går fort og profesjonelt føre seg på scena og Elisabeth Molvær og Christoffer Astad Sve, som er programleiarar, har god kontroll. Lyd og lys hjelper til og det er mange som skal få stipend og det var veldig mange som søkte. Over 150 hadde sendt inn ein søknad om å få TEFT-stipend, så juryen hadde hatt mykje å halde på med. 

Arrangement gjekk slik arrangørane hadde tenkt det og prisutdelinga tok om lag ein atime. Frå scena var det fleire av stipendmottakarane som underheldt.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Siri Malmedal Hauge frå Langevåg hadde med seg to musikarar når ho spelte på scena under TEFT-stipend utdelinga i Martin Linge-huset sist torsdag.