Eit stort steg nærare heilårsveg til Geiranger

Ein strålande nøgd gjeng etter at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen hadde kunngjort at regjeringa går B1-alternativet mellom aust og vest og høve til heilårsveg til Geiranger.

Regjeringa går for B1-alternativet når det gjeld ny strynefjellstunnel. Det betyr også høve til heilårsveg til Geiranger. Det kunngjorde samferdelsminister Ketil Solvik-Olsen på ein pressekonferanse på Langvatn i dag, søndag.

Han sa at diskusjonen om korleis ein kan utbetre strynefjellstunnelane har pågått ein lang stund og at det alltid er skuffande når styresmaktene ikke har nyheiter om dette.

– Regjeringa har diskutert dette og meint noko om det vidare arbeidet, sa han og presisiserte at dette er eit langsiktig arbeid. – Statens vegvesen får no beskjed om å starte prosessen med den lange tunnelen, det betyr at regjeringa ber vegvesenet om å etablere B1-versjonen med moglegheit for ein heilårsarm til Geiranger, kunngjorde samferdselsministeren – til stor applaus frå dei frammøtte. «Good news travels fast,» heiter det på godt norsk – og det varte ikkje lenge før også forbipasserande vogntog helste Solvik-Olsen den hyggelege meldinga idet dei passerte rasteplassen på Langvatn.

– Det tek eg som ein god respons, humra samferdselsministeren.

Det er fleire grunnar til at regjeringa har landa på B1-alternativet. Det eine er at det er viktig å få gjort noko med stigningsgraden på vegen, det andre er at om ein skulle satse på ein oppgradering av eksisterande tunnelar, ville det redusere framkomelegheita på strekninga.

– Det ville ikkje vere bra for næringslivet. Den tredje grunnen vi har hatt til å velje B1-alternativet er ønsket om heilårsveg til Geiranger – det alternativet gjer ei slik påkopling mogleg, sa Solvik-Olsen.

Så minte han om at vegen til Geiranger er fylkesveg no – og vil vere det også i framtida, slik at det må arbeidast opp mot fylkeskommunen for å få realisert den delen av prosektet.

– Eg trur det er viktig med ei god line mellom aust og vest med gode og trafikksikre vegar. Så er det opp til dykk her å skape eit positivt omdøme kring prosjektet, sa ministeren som nok ein gong minte om at ting tek tid. Likevel meiner han det er viktig å snakke opp planane slik at både innbyggjarar og politikarar ser det positive i dette.

– Dette er ein felles jobb og eg trur vi skal få det til. Så får vi i dag glede oss litt og smøre oss med litt tålmod, avslutta statsråden.

 – Dette er nesten som julaftan, det var dette vi hadde håpa på men ikkje heilt hadde våga å tru på, var den umiddelbare reaksjonen til strandaordførar Jan Ove Tryggestad.

Også Egil Berge som i fleire år har vore del av nemnda som har arbeidd for dette, sa at det ikkje kan bli betre enn dette. Berge er overtydd om at det no er håp om at både han og vi andre får oppleve både ny tunnel og heilårsveg til Geiranger medan vi alle framleis er såpass «unge» at vi har lov til å køyre bil.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no