Ekstra sommarferje og auka takst på sambandet Eidsdal-Linge

B-ferja «Aukra» har allereie vore i rute på sambandet Eidsdal-Linge ei stund i sommar.

Møre og Romsdal fylkeskommune melder i ei pressemelding at for å unngå lange ferjekøar i sommarsesongen, har fylkeskommunen bestilt ekstrakapasitet for ferjesambandet Eidsdal-Linge frå og med måndag 25. juni, som er ei veke tidligare enn i 2017.

Den auka ferjekapasiteten fører til at takstane blir auka med to soner. Sambandet Eidsdal-Linge vil derfor gå frå sone tre til sone fem i perioden 25. juni og fram til ordinær vinterrutetabell med ei ferje. Dette etter vedtak i samferdselsutvalet 13. juni 2018. Det vil seie at ein vanleg bil som før kosta 82 kroner utan rabattkort og 41 kroner med rabattkort, no vil koste 98 kroner utan rabattkort og 49 eller 50 kroner med rabattkort.

– Trafikksituasjonen i området er svært krevjande både på ferjestrekninga Eidsdal-Linge og på fylkesveg 63. Vi vil derfor starte eit arbeid med å vurdere trafikksituasjonen i verdsarvområdet, og kva for tiltak som eventuelt kan bli gjort før sommarsesongen i 2019, seier Arild Fugelseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, i pressemeldinga.

Dei reisande finn oppdatert ruteinformasjon på  frammr.no, i ferjeappen MR Ferjerute, i FRAM-appen og på sanntidsskilta på ferjekaia.