Eldsjela brenn for musikk

Det var trampeklapp då ordførar Arne Sandnes kunne avsløre at Eldsjelprisen for 2016 gjekk til Anders Jørgen Gjerde for det arbeidet han gjennom mange år har gjort for kulturlivet og det frivillige arbeidet i Nordddal kommune.

Anders Jørgen Gjerde er årets eldsjel i Norddal kommune.

– Dette er stort, sa Anders Jørgen til Storfjordnytt like etter at han hadde fått prisen i samband med julekonserten i Sylte kyrkje på søndag.

– Men det er mange å dele prisen med. Eg kan jo eigentleg vere glad for at eg får halde på med dette, at vi har eit kulturliv og eit korps å drive på med. Det er ikkje alle stader som har det, sa han, heller smålåte.

I grunngjevinga for pristildelinga i år står det mellom anna at prisen går til ein person «som i mange år har stått på for kulturlivet og det frivillige arbeidet i Norddal kommune. Personen er lett å be, seier aldri nei og er eit utprega ja-menneske.»

Vidare viser juryen til at Anders Jørgen har dirigert Valldal skulekorps i over tretti år, og at det er innsatsen hans som er hovudgrunnen til at korpset framleis eksisterer.

«Han er svært engasjert i det som skjer i kommunen, og er lett å be, spesielt ved arrangement som har med kultur å gjere», heiter det vidare i grunngjevinga for prisen.

Ordførar Arne Sandnes, som delte ut prisen på vegner av kommunen, understreka kor viktig det frivillige arbeidet er for samfunnet.

– For kvart fjerde årsverk i kommunen vår, utgjer eitt årsverk frivillig innsats. Eldsjelprisen skal synleggjere eigenverdien og samfunnsverdien i det frivillige arbeidet, og det er kjekt å få dele ut denne prisen, sa ordføraren før han avslørte namnet på årets vinnar.

I juryen for prisen i år har desse sete: Karianne Vikene, Arild Nærø, Kåre Hjelle, Ann Kristin Godø Hoel og Eivind Rønneberg (som vara for Gunnvor Helle Hole). Prisen er ein sjekk på 8000 kroner og eit diplom. 

Audun Skjervøy