Eldsjelprisen til Einar Hoel

Einar Hoel vart både overraska og glad for å bli kåra til eldsjela i Norddal i år.

– Dette er ein person som er lett å be, han seier aldri nei.

Det var nokre av dei orda ordførar Arne Sandnes brukte då han nærma seg avsløringa av kven som skulle få eldsjelprisen for Norddal i år. Prisen vart utdelt under konserten i Sylte kyrkje søndag kveld.

Ordføraren innleia med å seie at noko av dei kjekkaste oppgåvene ein ordførar kan ha, er å få setje pris på dei som gjer ein innsats for lokalsamfunnet. Eldsjelprisen skal gå til ein einskildperson eller ein organisasjon som bidrar til lokalsamfunnet, prisen skal vise kva frivilligheit betyr i samfunnet.

Ein jury har arbeidd med innkomne framlegg og kome fram til ein verdig vinnar.

– Frivilligheita i Norge bidrar med milliardbeløp og det er viktig å heie fram frivilligheita. Alle er frivillig med på ein eller annan måte, men det er nokre som går framom, tek ansvar, skaper trivsel og folkehelse, sa Sandnes før han tok til å lese opp grunngjevinga frå juryen.

Ja-menneske

Dette er eit utprega ja-menneske, som er sentral i fleire organisasjonar, spesielt innan idretten er han eit positivt førebilete for born og unge. Han er også aktiv i kulturlivet, både på bedehuset, i kyrkja og i Lions.

Sandnes kalla fram Einar Eoel og sa at han var nominert av fleire.

– Han er til stades over alt og lempar bord og stolar der det trengs, sa Sandnes i det han overrekte prisen til Einar Hoel.

Overraska

Hoel takka for prisen og sa at han vart overraska og sjølvsagt glad.

– Det er ikkje berre meg, frivilligheit er lagarbeid, sa han.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no