Eldste laget i Stordal

Martin Lien får instruksjon om tryggleik og om korleis geværet skal haldast for å treffe blinken av Stig Falling.

Stordal skyttarlag er det eldste laget i Stordal kommune. Det vart stifta i 1884. Opp gjennom historia har dei arrangert mange store skyttarstemne, men akkurat no er det lite av slik aktivitet. 

Hovudaktiviteten til laget i dag er å organisere og gjennomføre prøveskot og oppskyting til storviltprøva, i tillegg til opplæringa av unge skyttarar.

Å treffe blink

På miniatyrskytebana i Stordalshallen er det stor aktivitet av unge skyttarar tysdagane. Åtte, ti skyttarar er som regel til stades og får opplæring i å skyte med 22 kaliber rekruttrifle.

Det luktar krut når Storfjordnytt kjem inn i lokalet og unge skyttarar ligg på matta og får instruksjon av Stig Falling om korleis dei skal halde geværet når dei skyt.

Det er Kjell Magne Hove og Stig Falling som er til stades og gir dei unge kunnskap om korleis dei skal handtere våpen og korleis dei skal treffe blinken, som i dette tilfellet er 15 meter unna. Det er om lag ti vaksne frå skyttarlaget som roterer på å undervise. Stordal skyttarlag har i dag 62 medlemmer. Skytinga på miniatyrbana i Stordalshallen tysdagane held dei på med fram til påske. 

Ei krone skotet

– Det er for å halde oppe eit allsidig tilbod til born og unge i Stordal kommune og det ser ut for at dei har det kjekt, seier Stig Falling.

Det er gutane Storfjordnytt spør samde i og så er dei klare for ein ny runde. Dei ladar magasinet med fem skot, dei betalar ei krone skotet, har på seg hørslevern og legg seg godt til rette. Litt meir tilrettevising og påminning om korleis dei skal halde våpenet og så sender dei fire gutane i veg fem skot mot blinkane.

Geværet vert kontrollert og så går dei bort og hentar blinkane sine for å sjå korleis dei trefte denne gongen.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no