Elevar i jaktmodus

Ludvik Nustad, Ingvar Rønneberg og Nikolai Nystad Karvinen set klistrelappar på batteria dei har fått inn.

Fjerdeklassen ved Eidsdal skule er i full gang med «Batterijakten 2017» og vil gjerne ha så mykje batteri som mogleg.

Det er framleis ein skuletime att til helg når vi vitja tredje-. og fjerdeklassingane ved Eidsdal skule sist fredag. Dei er i full gong med «Batterijakten 2017», ein landsdekkjande kampanje som vert halden av «Miljøagentene» i Barnas Miljøvernorganisasjon.

Kilo per elev og skule

Kontaktlærar Mette Sara-Tafjord står ved kateteret og syner elevane ei liste på nettet, der kan dei sjå korleis dei ulike skulane i landet ligg an med batteriinnsamlinga. Lista syner kor mange kilo per elev og kor mange kilo per skule som er samla inn totalt.

«Jakta» varer fram til 28. mars. Fram til då er det om å gjere å samle inn mest mogleg batteri. Premien til den skulen som vinn er 30.000 kroner. Kva pengane skal brukast på, har dei allereie bestemt.

– Elevane ynskjer seg ei «UFO-disse», fortel læraren.

– Kva er det for noko?

– Ei «UFO-disse» er ei stor disse, forma som eit stort, rundt nett der mange kan sitje eller ligge samstundes, forklarar læraren med eit smil.

Ho fortel at det lenge har vore ønske om eit nytt leikeapparat på skuleplassen, og ho seier elevane hadde vorte glade om dei fekk ei slik disse.

Lærar Mette Sara-Tafjord fortel vidare at det er fjerdeklassa som deltek i konkurransen, og at tredjeklassingane hjelper til med sortering og merking av batteria. Neste år vert det det same opplegget, då hjelper tredjeklassingane det åretdei nye  fjerdeklassingane med kampanjen.

– Når vi held på med dette arbeidet syner elevane eit stort engasjement, fortel Mette Sara-Tafjord.

– Det er tydeleg at det gledar dei å samlast om dette, og fokuset er stort på å vere med og vinne, seier ho glad.

Jobbar seg mot premie

Dei innsamla batteria vert merkte med klistrelappar som seier «Viktig! Teip polene!» og sorterte i bøtter. På slutten av timen vert dei voge opp. Vektsummane vert registrerte på nettet, og elevane får sjå kor mykje dei har samla inn sidan sist gong. Vaktmesteren kjem i løpet av veka og tek batteria med seg til spesialsøppel-leveringa.

I dag får elevane vite at dei ligg på tredjeplass i landet når det gjeld tal på innsamla kilo per elev, og jubelen står i taket. Bakgrunnsmusikken som læraren sette på nemner noko om det å vere saman og «høyre til». Samarbeidet i klassa har tydelegvis hjelpt, for plasseringane er gode.

Ein elev som bur i Norddal vert tilrådd å hengje opp lapp på butikken der i helga.

– Her i Eidsdal hang vi opp lapp på butikken for ei tid tilbake, fortel lærar Mette Sara-Tafjord.

– Det er viktig, slik at dei på butikken veit at vi kjem og spør etter batteri, fortel ho.

Ho oppmodar klassa til å samle batteri der dei er i helga. Nokre seier at dei trur dei skal på hytta og kan spørje seg rundt der.

Det er heller ikkje alle skulane i distriktet som er å batterijakta, og læraren seier elevane kan spørje dei også om dei har batteri dei vil bli kvitt.

Mathilde Vinje
mathilde@storfjordnytt.no