Endringar i skulebussrutene fredag

Dette bilietet er av Grandefonna då ho gjekk torsdag for to veker sidan. No er det gått eit nytt ras omtrent på same staden. Foto: Caroline Bjerk Maurstad.

Ordførar i Norddal kommune, Arne Sandnes, åtvarar i eit innlegg på Facebook mot stor rasfare på grunn av mykje nysnø og vind. Rasfare er det i fleire av bygdene i kommunen.

Han melder dermed at skulebussane i Valldal vert omdirigerte i morgon, fredag 18. januar, for å unngå Valldalsfonna mellom Jordbærstova og Myklebust. I Eidsdal blir mellom anna Haufonnja mellom Kilsti og Rønneberg vurdert å vere farleg.

Eidsdal skule har på facebooksida si lagt ut ei melding om at grunna farenivå oransje i Rasfare, har kommunen saman med busselskapet bestemt at det blir alternativ skulerute fredag 18. Skulebussen køyrer ikkje ut til Kilsti, men snur på Hesthaugen.

Ordføraren oppmodar folk flest om å vise stor varsemd under slike høve som no, og så langt som råd velje omkøyringsvegar. I Valldal nemner han særleg Kyrfonnja og Jamtefonnja i tillegg til Valldalsfonnja og ber folk tipse andre som ikkje er like godt kjende med lokale tilhøve.

– Ta ingen sjansar, avsluttar han.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no