Energi for framtida

Husdyrgjødsel kan nyttast til å lage biogass. Det som skjer i ein lukka tank er akkurat det same som skjer i ein kumage og ut kjem gassen.

Grønt landbruk i Eidsdal har sett i gang ein del tankar og prosessar. Dei har vore innom fellesfjøs for sau, opnare landskap, lokal mat og miljøvenlegare driftsløysingar i landbruket.

Den gruppa som har sett på korleis dei kan gjere drifta meir miljøvenleg i landbruket enn den er idag, såg òg på alternative energikjelder.

Delar erfaring 

I neste veke arrangerer Landbruk Nordvest saman med Møre og Romsdals fylkeskommune ein workshop for bønder og andre interessert som ønskjer å lære meir om biogass og korleis den kan framstillast av husdyrgjødsel.

Mats Gustavsson frå Sverige skal snakke om erfaringane frå gardsanlegg i Jämtland og korleis dei der har teke i bruk biogassanlegg. Han bygde eit anlegg på eigen gard før han seinare har vore rådgjevar for ni andre. Storleiken på dei anlegga kan samanliknast med grunnlaget som dei to samdriftene i Eidsdal har.

Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest skal orientere om verkty som vert nytta for å vurdere etablering av biogass-anlegg økonomisk og miljømessig.

Ingvar Kvande arbeider i Møre og Romsdals fylkeskommune i regional- og næringsavdelinga innan marin og naturforvaltning og kjem til Eidsdal på workshop i neste veke.

Ingvar Kvande arbeider i Møre og Romsdals fylkeskommune i regional- og næringsavdelinga innan marin og naturforvaltning og kjem til Eidsdal på workshop i neste veke.

Samdrift

Ingvar Kvande frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal snakke om moglegheitene for eit biogassanlegg i Eidsdal i tillegg til å orientere om eit EU-prosjekt som omhandlar temaet kalla BEAT (beyond energy action strategies). Det arbeidast med å finne gode og rimelege løysingar for å etablere produksjonslinjer for småskala biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel i Norge. I Norge finst det ein handfull anlegg som driv med husdyrgjødsel og Innovasjon Norge skal evaluere fem pilotprosjekt for å dele erfaringane.

– Utfordringar i dag er dei lave straumprisane som gjer det vanskeleg å konkurrere på pris. Denne workshopen er ein måte å bygge fagkompetanse på og i framtida kan biogassanlegg verte ein måte å handtere avfall på i tillegg til å forbetre gjødsla, seier Ingvar Kvande. Dei som bygger driftsbygningar i framtida, vil heilt sikkert ha slike løysingar i tankane sine, legg han til.

Synfaring og gruppearbeid 

Grisefjøsen til Jan Trygve Veiberg er i dette høvet valt ut som modell. Deltakarane skal vitje garden hans etter lunsj. Etter gardsbesøket håper arrangørane at deltakarane har gjort seg opp mange tankar som dei kan nytte i gruppearbeidet. Spørsmål dei gjerne vil ha svar på er korleis gjødsel frå fleire anlegg kan kombinerast og gjennomføringa av desse. Korleis kan energien frå eit biogassanlegg utnyttast og liknande utfordringar skal diskuterast. Til slutt skal dei gå gjennom gruppearbeida og diskutere vidare.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Påmelding

Biogass fakta

På tur til Jämtland