Energi og blå tonar på Fjellro

Dave Fields fikk fart på jammen på Fjellro sist laurdag og Stian Omenås hadde med seg trompeten og spelte saman med han.

På Fjellro i Valldal er det tradisjon med bluesfestival i påska. Tilreisande bluesvener og fastbuande som er glade i musikk, samla seg der påskeaftan.

Tidleg ettermiddag var det jam i kjellaren og utanfor sit tilreisande og nyt sola og dagen og ventar på at musikken skal starte.

Britt Brandshaug og Linda Klausen reiser rundt i bubil for å oppleve god musikk. Dei kom frå Molde og koste seg i sola før musikken starta på Fjellro sist laurdag.

Bluesfolket

– Vi kom hit for å høyre Dave Fields trio. Han er skikkeleg bra og vi gler oss. Begge er vi veldig glade i musikk og reiser gjerne dit vi finn den gode musikken, slik som her. Det er òg kjekt å treffe bluesvener. Vi kom fredag og har det ikkje travelt, seier Britt Brandshaug og Linda Klausen. Dei sit utanfor Fjellro med sola midt i andletet og smilar.

Jam

I kjellaren har nokon funne fram gitaren og så smått starta å jamme.

– Det har vore noko logistikkproblem for musikarane, men vi har hatt god hjelp av Håkon Myklebust på mange vis og han fiksa problemet, seier Eli Boatwright.

Då Dave Fields og medmusikarane dukka opp, gjekk dei rett i kjellaren og sette i gong blues med trykk og energi. Då fekk dei som var tilstades ein skikkeleg smakebit på kva dei kunne vente seg når kvelden og natta kom. Fleire var på scena og spelte saman med musikarane føremiddagen sist laurdag på Fjellro og ein av dei var Stian Omenås frå Valldal.

Då musikarane var ferdige å jamme, var det førebuingar til konsertane om kvelden for både musikarar og vertskap.

Frå New York

– Vi har gledd oss til å få oppleve Dave Fields trio. Gjennom det nettverket vi har av musikarar og musikkinteresserte får vi gode anbefalingar. Då veit vi kva vi har i vente og dette bandet skuffa ikkje, seier Eli Linge Boatwright.

– Bluesmusikaren frå New York har ein utruleg energi, spelar fleire instrument og sjarmerte dei som var tilstades, seier Eli Boatwright. Dave Fields hadde med seg Kåre Amundsen på trommer og Morten Norskaug på bass.

Dave Fields var hovudartisten på bluesfestivalen på Fjellro denne påska. I tillegg spelte Rune Rønvik og Viktor Wilhelmsen. Dei spelte kvar for seg og synte at bluesmusikken har stor bredde og at det norske språket òg kan nyttast.

Bluesfestival

Tidlegare har bluesfestivalen på Fjellro i påska gått over fleire dagar. Denne gongen hadde dei redusert den til ein. Det er noko dei vil halde fram med.

– Ja det vert litt enklare og rimelegare. Påska er ei passande tid å arrangere ein slik festival, seier Eli som er godt nøgd med arrangementet og påska på Fjellro.

Quizen skjærtorsdag er ein innarbeid tradisjon og suksess, karaoke og afterski langfredag fylte òg opp kjellaren og vertskapet fekk mange positive tilbakemeldingar på det initiativet.

Laurdagen var oppmøtet bra og gjengen på Fjellro lovar ny bluesfestival neste år. Til å hjelpe seg med lyd hadde dei leigd inn Thony Farstad i Farstad Lyd. Han serverte utmerka lyd under heile arrangement, noko som er viktig i små lokale.

Til stades laurdag var òg Arve Reistad, fotograf, skribent og bluesentusiast for å lage reportasje frå Fjellro bluesfestival til Bluesnews.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no