Entusiastane samla seg til treff

Eidsdalingen Sindre Fløtre i sin '71 Pontiac Le Mans. Den kjøpte han for nokre år sidan av Espen Heitmann som brukte eit år på å restaurere bilen attende til slik han var då han var ny. Heitmann og bilen vann i 2012 to prisar under Amcar Grand Nationals i Trondheim, det største amcar-treffet i landet.

Lakk, krom, gromlyd, gammalt og nytt. Det fekk publikum oppleve då Amcar Storfjorden inviterte til treff og utstilling av amerikanske bilar i helga.

Det var ikkje direkte knallvêr, men så lenge det stort sett var opphaldsvêr, kosa bilentusiastane seg kring hotellet på Stranda laurdag.

Gratis

Mange tok turen med eigen bil for å vise han fram, andre ville berre sjå på. Og mykje fint var det å kvile augene på.

Sondre Rønneberg frå Eidsdal stilte med sin knallraude Ford Mustang.

Arrangøren fortel at mange, både dei med bil og dei som berre ville inn og sjå, vart overraska over at det ikkje kosta noko å kome inn. Det er nemleg praksis dei fleste andre stader, men den lokale amcarklubben synest det blir feil å skulle tene pengar på å lage til noko dei sjølve synest er kjekt og som kan vere kjekt for andre også.

– Vi vil vise oss fram, vise fram kva vi driv med og vise publikum at vi er heilt vanlege menneske som driv med dette. Vi gjer dette fordi vi synest det er kjekt, ikkje for at vi skal ha nokon økonomisk fordel av det, seier styremedlem i klubben, Espen Heitmann.

Amcarklubben vil gjerne ha fleire medlemm

ar generelt og ungdommar spesielt. Dei veit det er nokre unge der ute med denne interessa og for å freiste dei til å delta på treffet, vanka det pris til den yngste deltakaren. Prisen «Youngest Contender» gjekk til 21 år gamle Robin Koning som stilte med ein Ford Mustang.

Over 60 bilar

Det seig på med bilar til utstillinga utover dagen, og det enda med at over 60 bilar deltok. Det seier arrangøren seg svært godt nøgd med. I tillegg var det nokre som deltok på amerikansk bobiltreff på campingen på andre sida av elva.

– Vi hadde håpt på 40, ville vore kjempeglade for 50 og alt over det er ein bonus, slår president i klubben, Walther Svorkås Eide, fast sjølv om han godt kunne ha tenkt seg at fleire strandarar tok turen for å sjå på utstilliga.

Nytt og gammalt

På ei slik utstilling er det plass til både nytt og gammalt. Og dei retteleg gamle eksemplara var det også høve til å sjå nærare på, ettersom Johan Steffen Fivelstad hadde opna opp verkstaden sin for publikum.

Eit klenodium av ein Harley Davidson var mellom skattane i garasjen til Fivelstad.

Der var det gamle perler på både to og fire hjul signert både Buick, Studebaker, Ford og ymse anna. Lekkert, og mange fann vegen opp rampa og inn for å sjå. Fivelstad sjølv ser det som særs viktig å ta vare på dei gamle doningane – og meiner  dei er ein del av kulturarven vår.

Utstillinga vart – som seg hør og bør – avslutta med cruising rundt om i sentrumsgatene i Stranda. For det er viktig for medlemmane i Amcar Storfjorden: bilane skal brukast, ikkje berre stå i ein garasje og «vere til stas».

Amerikansk tema

Arrangementet er eit samarbeid mellom amcarklubben og Stranda Hotel. Kjøkkensjefen ved hotellet, Anders Adolfsson, synest det er stas med arrangement som dette, for då kan han gjere noko av det han likar best; å lage til temahelgar.

– Det er kjekt å kunne lage til noko ekstra for gjestane våre, synest han og fortel at laurdagskvelden blir det amerikansk barbeque og konsert. Søndagsmorgonen kunne han freiste med amerikansk frukost med det som høyrer til på ein slik en med til dømes pannekaker og lønnesirup.

– Dette er kjempekjekt, det skulle berre ha vore bitte litt betre vêr og litt varmare slik at vi kunne få den rette grillkveldstemninga, men ok, stemning blir det nok likevel, meinte han og ser allereie fram til oktober då det blir ølfestival fire dagar til endes med utflukter til dei tre lokale bryggeria i området.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no