Eva Hove historisk som den første ordføraren i Fjord kommune

Eva Hove er blitt ordførar i Fjord kommune.

På det konstituerande kommunestyremøtet i Fjord kommune i kveld, gjekk fleirtalet i kommunestyret inn for Eva Hove (Ap) som den første ordføraren i den nye kommunen. Ho vart valt med 14 mot ni røyster. Det var gruppene til Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti som røysta for Hove som ordførar.

Viktor Valdal (H) vart også historisk denne kvelden, ettersom han vart valt til vervet som den første varaordføraren i Fjord kommune. Røystetalet for varaordførarvervet vart det same som for ordførarvervet.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no