Eva Hove

Alder: 64 år

Yrke: rektor

Parti: Arbeidarpartiet

Tal på periodar i kommunestyret: seks

Tre ord om deg sjølv: Eg er arbeidssam, har sterk ansvarskjensle og likar å sjå resultat.

Hjartesaker: Gode velferdstenester til alle grupper, folketalsauke og næringsutvikling, styrke fellesskapet.

 

 

 

 

 

Du var ordførarkandidat ved valet i Stordal for fire år sidan og stiller nok ein gong på toppen av lista og som ordførarkandidat, kvifor?

Sjølv om mykje godt arbeid er gjort, er den nye kommunen enno ikkje ferdig forma. Eg har både lyst til – og eg kjenner dessutan eit sterkt ansvar for – å vere med å forme denne kommunen i tråd med dei intensjonane vi har vedtatt. Eg trur derfor det er viktig at der er ein viss kontinuitet i det politiske systemet. Ein blir dessutan tryggare i ordførarolla med litt erfaring, og av den grunn også er det greitt å ta ein periode til. 

Du stiller til val i ein kommune som eigentleg ikkje eksisterar enno. Kva synest du om det? Gjer det valkampen litt ekstra utfordrande?

Ja, det er klart! Det er lettare å drive valkamp i eit lokalsamfunn du kjenner ut og inn. No er det heile meir spennande. Men eg likar det også, for eg ser at det utfordrar både meg og partiet mitt. Stordal og Norddal har svært ulike kommunestyre med tanke på partimessig samansetjing. Ingen veit no korleis det nye kommunestyret vil bli samansett, og det er spennande!

Du har vore den av toppkandidatane som bokstaveleg tala har vore både høgt og lågt i den nye kommunen. Har det vore ein bevisst strategi frå di side å gjere deg kjent i den nye kommunen?

Ja, det er ein heilt bevisst strategi. Det er viktig for ein lokalpolitikar å vere godt kjent i eigen kommune. Mannen min og eg har i mange år hatt våre faste vårturar opp Fjørå-bygda. Men dei siste åra har turområdet blitt utvida og vi har også besøkt arrangement i dei bygdene som no snart vert del av det som blir vår nye kommune. Det er eit fantastisk område vi har rundt oss reint naturmessig – og så er her mange flinke og driftige folk som det er kjekt å bli kjent med.

Høgre har tatt til orde for å snu om på intensjonsavtalen som mellom anna seier at ordførar, rådmann og rådmannen sin stab skal vere i Valldal og det meste anna, deriblant helse, skal samlokaliserast i Stordal. Kva meiner ditt parti om dette?

Først må eg seie at eg og stordalingane i fellesnemnda har hatt ei fleksibel tilnærming til desse spørsmåla. Det som har vore viktigast for oss, har vore at ein tek i vare likeverdsprinsippet. Eg har lagt fram konkrete skisser til dette i fellesnemnda – også skisser der hovudhelsehuset ligg i Valldal og andre administrative funksjonar vert flytta til Stordal. Vi fekk dessverre ikkje aksept for dette frå norddalsdelegasjonen – heller ikkje då vi så seint som i mars i år la fram ei konkret skisse til fordeling. Sjølv om somme var samde med oss, verka det som om ingen ope torde støtte oss på dette då, ettersom det også måtte bety at Norddal fall måtte gi frå seg noko i byte med hovudhelsehuset. No ser eg at Høgre tar fram att dei same tankane og gjer framlegg om eit hovudhelsehus i Valldal og rådmannen og staben til Stordal. 

Fjord AP har ikkje problem med å vere med på kloke endringar av intensjonsavtalen, så lenge det sikrar likeverdet som ligg i intensjonsavtalen. Fjord AP er tydelege på at likeverdsprinsippet ikkje skal fråvikast.

Dei 23 personane som utgjer det nye kommunestyret, er i samarbeid med administrasjonen i praksis dei som bestemmer korleis den nye kommunen blir. Kva meiner du blir det/dei viktigaste tinga å ta tak i?

Det blir ualminneleg viktig at vi så snart som råd, greier å tenkje «vi» og ikkje «oss og dei». Dette krev ei sterk medviten haldning frå oss alle, for det er ikkje til å kome forbi at når vi startar den nye kommunen, så har vi best kunnskap om behova i kommunen vi kjem frå. Derfor må vi bruke tid til å bygge oss i hop, kulturelt og kunnskapsmessig. 

Vi veit at begge kommunane har hatt eit driftsnivå som er for høgt. Det er krevjande å legge om drifta når ting endrar seg. Vi går no inn i ein periode meg demografiske endringar som gjer seg meir og meir gjeldande. Vi må i tida som kjem, greie å snu innsatsen meir over mot den eldre del av befolkninga. Samtidig må vi også greie å legge til rette for at unge folk etablerer seg her. 

Skal vi greie dette, må vi ha ein økonomi i balanse. Det betyr at vi må gå nøye igjennom drifta vår og gjere nødvendige grep. Vi må heilt klart sjå på kvar vi kan hente ut innsparingar. Vi må også gjere det vi kan for å få folk til å busetje seg i kommunen – og vi må legge til rette for næringslivet. Det er på denne måten inntektene våre kan auke – i tillegg til at vi overfor våre sentrale styresmakter må arbeide for at distriktskommunane får betre vilkår. Ei heilt konkret sak kan vere å oppnå aksept for at «fritidskommunar» som Fjord, må få ei viss utteljing for at vi i store deler av året har mangedobla innbyggjartalet vårt i form av hyttefolk og turistar. Desse «deltidsinnbyggjarane» våre utløyser behov for utbygging av nødvendig infrastruktur som helsetenester, vatn og avløp, vegar m.m. utan at dei vert rekna med i rammetilskotet kommunen får.

Ved forhandlingar om ordførarvervet, kven – om nokon – vil partiet ditt støtte?

På dette tidspunktet tenkjer vi berre at det er Fjord AP som skal ha ordførarvervet den første perioden. Så må vi eventuelt gjere oss fleire tankar kring dette når valresultatet er klart.

Fjord kommune vil allereie frå dag éin ha svært høg lånegjeld og anstrengt økonomi. Korleis vil ditt parti få kommuneøkonomien på rett kjøl att?

Eg ser sjølvsagt heilt klart at vi som politikarar må vere nøkterne når det gjeld investeringar. Vi må prioritere strengare. Vi må sjølvsagt også vere opptatt av å vurdere kostnaden på drifta vår og gjere endringar der det er forsvarleg. 

I tillegg til at politikarane må syne ansvar, er det også viktig at kommunale leiarar har god budsjettdisiplin. Dei må sjå kva som skaper meirforbruk. Einingane må få gode verkty til å halde god oversikt over økonomien – og det må rapporterast jamleg, slik at korrigeringar kan skje før det er for seint. Alle taper på store overforbruk i det lange løpet.

Kommuneøkonomi heng nøye saman med innbyggjartal. I begge dei to kommunane som skal bli Fjord kommune er folketalet på full fart nedover og skal ifølgje SSB halde fram med det. Korleis vil ditt parti jobbe for å snu denne trenden?

Her blir auke av folketalet heilt vesentleg. Då må det vere muleg å få arbeid enten i kommunen eller i nabokommunen. Å vere aktiv med omsyn til næringsutvikling er viktig. 

Eg er overbevist om at distriktskommunar som Fjord må vere aktive tilretteleggarar for næringsutvikling. Kommunen må ha eit godt apparat for dette. Men eg trur at satsing på godt oppvekstmiljø – gode skular og barnehagar – også er noko som familiar i etableringsfasen er opptatt av. 

Og vi må ha gode vegar til byen! Derfor er utbetringa av Fv 650 mellom Viset og Sjøholt heilt vesentleg. Eg føler eg – i tett samarbeid med Viktor Valdal – har prøvd å halde framdrift i dette viktige arbeidet. Men vi har blitt sterkt hindra – både av fylkeskommunen sin økonomi – men også av ulik strategisk tilnærming til saka kommunane i mellom. Eg håper vi snart får løyst opp i den knuten og får etablert det planlagde vegselskapet.

Vi har den seinare tid sett klimastreikande ungdommar som er uroa over framtida. Er klima og miljø noko som er viktig for ditt parti i den nye kommunen? Og i så fall, på kva måte?

Klima og miljø må vere viktig for alle politikarar, lokalt som nasjonalt. Norddal kommune er allereie sertifisert som Miljøfyrtårn, og dette arbeidet må vi utvide til å gjelde heile Fjord kommune. Det vert viktig at vi tenkjer miljø både ved innkjøp og planlegging. Vi må satse på utsleppsfrie bilar, gode ladepunkt, gode ordningar for kjeldesortering av avfall, meir gjenbruk og enøktiltak i kommunale bygg. Val av rett energikjelde er også viktig. 

Kommunen må også legge opp til større grad av at interne møter kan skje via skype, slik at vi reduserer køyring mellom dei ulike tenestestadene. Eg trur også at kommunen må styrke sin fagkompetanse på klima og miljø, slik at dette vert ein tankegang som kan gjennomsyre alle sektorar og alle tiltak.

Kva ser du mest fram til å jobbe med i den nye kommunen? 

Eg ser mest fram til at vi skal kome til det punktet der vi ser fruktene av det arbeidet som er lagt ned gjennom samanslåingsprosessen. Eg ser fram til at vi skal sjå på heile dette store, ressursrike og fantastiske området som vil utgjere kommunen vår og ha ein klar plan for korleis vi skal utvikle desse bygdesamfunna vidare, slik at dei er berekraftige og attraktive for unge menneske å bli buande i – eller flytte tilbake til. 

Vi har i høg grad flagga ein vilje til å arbeide for fleire heile, faste stillingar i Fjord kommune – særleg innan omsorgssektoren. Eg ser fram til å samarbeide med fagforbunda slik at arbeidet kan organiserast meir i den retninga.

Og eg ser fram til å legge til rette for spennande næringslivssatsingar, både innan industri, produksjon av mat og næringsmiddel, men også innan reiseliv og opplevingar. Det skal rett og slett bli spennande å vere med på å ta den nye og spennande kommunen vår vidare. 

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no