Eventyrleg stund i Stordal

Prinsessa (Emma Hoff) var både vrien og vrang, og Askeladden (Carolus Øvrebust) kava for å kome nokon veg med henne.

KULTUR: Nokre vandringar er meir spennande enn andre. Då Barnas kommune, Frivilligsentralen, Stordal bibliotek og God Helse arrangerte skogsvandring i Grigås natursti i Stordal førre torsdag, var det for tredje året på rad.

På Stordal bibliotek var førebuingane i gang til ei vandring som har vorte ein tradisjon.

Aktørar og vertar hadde sørgd for å lage ei engasjerande stund for dei som møtte opp. Hilde Rødset, lærar ved Stordal skule, kunne fortelje at tema for turane varierar frå år til år.

I fjor var tema Hakkebakkeskogen og i år var temaet eventyr.

TRIM og troll

I fjor hadde det visst regna, men i år varma sola godt i ryggen medan vi gjekk oppover dei bratte skråningane.

Oppe i lia møtte vi trollkjerringa med tryllestaven sin. Ho både song og prata til oss, og ikkje var vi sikre på om vi fekk kome vidare heller.

Bak nokre tre kom harepus hoppande fram. Harepusen hadde vorte gift, og var både lei seg og glad for det.

– Eg har nett gifta meg med eit troll, og det var ikkje så bra, kunne harepusen fortelje dei undrande borna som kika på den med spenning.

– Men trollet var rikt, så det var ikkje så dumt likevel, heldt harepusen fram.

Dette ekteskapet hadde visst enda med at trollet brann opp, så her var det berre å kome seg vidare på turen.

Bjørn trefte vi og

Bjørnen sov litt lenger oppe i bakkane, og verken born eller vaksne var sikre på om vi torde å vekke han. Vakna gjorde han etter kvart, og det var best for han skulle ut å fri, og det til sjølvaste reveenka som sat og var så lei seg.

Om det vart dei to får du lese meir om i eventyret om reveenka, om du vil.

Små føter, store steg

Skogsterrenget kan vere utfordrande å gå i for små barneføter, og når den vakre prinsessa sat i stolen sin og skulle verte målbunden var det godt å gjere ein stopp.

Prinsessa var vrien og vrang, men så fager der ho sat at Askeladden gjorde ein framifrå innsats med ord for å vinne hjartet hennar.

Spennande for borna

Undervegs i vandringa var det interessant å sjå korleis borna lot seg fengje av det vi var med på.

Det var ikkje berre eventyrframsyningane som var spennande, men for dei minste som ikkje hadde gått her før var bakkar og tre underhaldning i seg sjølv.

«Heksa» som leia vår gruppe, spela av Palma Øvrebust, tok seg tid til å vise borna korleis ei heks tissar.

– Det, det gjer vi hekser nett som hundar gjer det, kunne ho røpe og letta berre på ein fot. Mor si hand var god å ha for dei minste, og ei av dei som fylgde veslejenta si trudde at til kvelden vart det lett å få sove godt.

Rett før skogen laga ei lysning og ferda var over, møtte vi rottefangaren frå Hameln. Det tyske folkeeventyret frå Middelalderen gav oss ein fløytespelande skikkelse som førde oss til ei skummel hole der det berre var for oss å vente på tillating til å gå ut av skogen og inn i sola att.

Og snipp, snapp, snute, så var ei fabelaktig reise bort frå kvardagen ute.

Mathilde vinje
mathilde@storfjordnytt.no