FAKE NEWS også i debatten om kommunestruktur!

Innbyggjarane i bygdene Eidsdal og Norddal har sagt sitt, og fleirtalet vil at kommunegrensa i framtida vil vere tråd med dette kartet.

Det er med interesse og ei viss undring vi kan lese om dei vurderingane som herrane Arne K og Finn har gjort i saka om grensejustering mot Stranda. Ordføraren i Stranda kommune har stor respekt for ulike synspunkt i denne saka, men også stor respekt for at denne saka har mange sider.

Frå kommunestyret i Stranda er det uttrykt klart og tydeleg, at vi primært vil bygge ei ny kommune på Indre Sunnmøre beståande av kommunane Stordal , Norddal og Stranda. Når dette alternativet ikkje er mogeleg å gjennomføre no, har Stranda kommune akseptert at vi må sjå på andre løysingar for framtidas kommunegrenser. I kjølvatnet av desse prosessane er det så kome opp ei sak frå bygdene Eidsdal og Norddal om grensejustering mot Stranda.

Innlegget frå  dei nemnde herrane inneheld påstandar som eg synes er svært lite presise. Det er difor naudsynt for underteikna å peike på det som eg synes er realitetane i Stranda kommune.

Det aller første som eg vil svare på er den økonomiske situasjonen i Stranda kommune. Vår status i Robek-registeret kan ingen rokke ved, men vi er på veg til å kome oss ut av dette registeret 2-3 år før planen. Dette med bakgrunn i jamn, god og ikkje minst effektiv drift. Vi er i dag ei av dei mest effektive kommunane i Møre og Romsdal. Samstundes med den økonomiske snuoperasjonen, har vi gjennomført store utbyggingar i infrastrukturen innan vatn og avløp.

Påstanden om at Stranda kommune har eit stort etterslep oppimot kommunalt investeringsbehov er difor FAKE NEWS. Samanlikna med mange andre kommunar har vi faktisk den motsette situasjonen i Stranda. Vidare så er det slik at i alle landets kommunar, så er det behov for nye investeringar for å møte nye krav og nye behov.

Vi vil i dei næraste åra oppleve eit veksande næringsliv innanfor næringsmiddelindustrien, reiselivet og kanskje også innan landbruket. Til denne veksten treng vi alle gode krefter, for i fellesskap å legge til rette for gode lokalsamfunn der bulyst står i fokus.

Stranda kommune har gjennom mange tiår lagt til rette for dette også i våre bygdelag, og dette er den rettesnora som eg vonar alle vil følge i åra som kjem.

Heilt til slutt vil ordføraren i Stranda kommune slå fast at vi tar imot alle innbyggarar med opne armar, i von om at vi i fellesskap skal vere med å utvikle vår region til beste for innbyggarar og næringsliv .

Ta vel imot telefonen frå Fylkesmannen!

Med venleg helsing
Jan Ove Tryggestad 
ordførar i Stranda kommune