Feiring av hage og paviljong

Olava Lien, som forøvrig fylte 92 år måndag, fekk æra av å klippe snora og erklære paviljongen i hagen til sjukeheimen for opna. Ordførar Arne Sandnes assisterte snorklipparen med å halde snora stram.

Mykje godt skjer når frivilligheita samlar seg til innsats. Måndag vart sansehagen ved sjukeheimen offisielt opna.

Judith Krogh ønskte velkomen til hagefesten, ho er den av dei frivillige som saman med Bjørg Sætren Kleppe i Frivilligsentralen har halde i trådane undervegs i arbeidet med å skipe sansehagen.

– Ein sansehage skal vere god å sjå på, god å lukte på og smake på, det skal vere ein stad å bruke, slo ho fast.

Mykje god støtte

Arbeidet med sansehagen starta for tre år sidan.

– Men i starten vart det igrunnen mest prat og lite gjort. Dermed bestemte fleire lag seg til å gå saman om arbeidet, fortalde Krogh som presenterte representantane for laga som har vore mest involverte i arbeidet, som har utgjort arbeidsgruppa. Det er Valldal Bygdekvinnelag, Valldal Helselag, Fjørå Helselag, pårørandeforeininga og Frivilligsentralen.

Ho takka også for økonomisk støtte frå laga og ikkje minst, hjelp og støtte – også økonomisk – frå både private verksemder og einskildpersonar.

– Det har vore alt frå pengegåver til gode rabattar på ting vi har kjøpt inn, fortalde ho.

Bodil Waldal frå Valldal Helselag tok ordet og gratulerte. Ho fortalte at Valldal Helselag saman med Fjørå Helselag søkte Nasjonalforeningen for Folkehelsen om midlar til prosjektet.

– Og tenk, vi fekk 30.000 kroner frå Nasjonalforeningen sentralt, fortalde ho og la til at midlane kom frå Nasjonalforeningen sin demensaksjon i 2013 som går attende til lokale lag som har spesielle aktivitetar dei vil i gang med.

– Saman med pengegåver frå mellom andre Sparebanken Møre og Syltemoa Sandtak, kunne paviljongen bli ein realitet og vi takkar alle for god hjelp og vi håper den blir til stor glede for mange, sa Waldal som også nytta høvet til å takke alle dei frivillige som har arbeidd både med hagen og paviljongen.

Ein oase

Arne Sandnes sa han angra litt på at han ikkje hadde pynta seg skikkeleg, med ordførarkjedet.

– Eg skjønar no at dette er ei stor hending. Eg har høyrt om sansehagen, men eg har ikkje vore her før. Eg er dykk stor takk skuldig alle saman og dette viser at frivilligheita så absolutt ikkje er avgått ved døden, slo han fast og meinte at hagen vil vere ein tilvekst til eldreomsorga i kommunen.

– Dette vil vere ein viktig oase for å trekkje frisk luft og kople av, noko som er viktige element i kvardagen vår, sa han før han og Olava Lien, dagens bursdagsbarn, skulle klippe snora inn til paviljongen.

Då høgtidelegheitene med talar og snorklipping var over, var det tid for kaffi, kaker og ikkje minst: prat. Og praten gjekk livleg kring borda. Dei Storfjordnytt snakka med syntest det var blitt retteleg fint i hagen – og fleire gav uttrykk for at hagen vil bli mykje brukt.

Og som det vart presisert frå arbeidsgruppa for hagen: Hagen er open for alle – både for dei på sjukeheimen, Sagatun og Elvetun. Og andre også.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no