Feiring med song og musikk

Barnekoret var på heimebane og song av full hals.

Då Stordal bedehus inviterte til fødselsdagsfeiring, vart det ein ettermiddag fylt med musikk i fleire former.

Roger Lillebø var den som batt programmet saman, med underfundige og morosame kommentarar til så mangt.

Nils Beite var hovudtalar – han og kona Anne feirar i år gullbryllaup – og bryllaupet hans 26. juni 1965 var det første arrangementet i det nye bedehuset, sjølv om det ikkje var heilt ferdig enno.

Song og musikk har gjennom desse 50 åra stått sentralt, og det var også ein sjølvsagt del av feiringa søndag. Barnekoret deltok sjølvsagt, i tillegg til Aletheia og Charis som begge har sitt utspring frå barnekoret. Charis er dei eldste og Aletheia er dei nest eldste. Bach og Händel fekk vi også høyre, vakkert sunge av Marianne Ravn Stavseng.

Attersynet var ved Olaus Overøye og då Roger Lillebø introduserte han, håpte han at attersynet på dei siste 50 åra ikkje ville vare rett så lenge.

– Om eg synest det går for lang tid, får eg gjere som Nikita gjorde i FN si hovudforsamling om det blir for langtekkeleg, sa han og viste til den gongen Krutsjov klaska skoen sin i talarstolen.

5. september 1965 vart det nye bedehuset vigsla. Mange hadde møtt fram, både bygdefolk og folk frå nabobygdene. Festtalar den gongen var Ottar Istad. I tillegg var det då som no mykje song og musikk. Vigslinga var det sokneprest Jens Sverre Tenfjord som stod for. Bedehuset på Fiskarstrand hadde stått modell for det nye bedehuset i Stordal, og i 1959 var murane komne opp. Året før bedehuset stod ferdig, var byggjekostnadene oppe i 79.434,70 kroner – så langt utan lån. Men lån vart teke opp, 30.000 kroner lånte dei i Stordal sparebank, huset vart ferdigstilt og lånet nedbetalt allereie i 1969.

– Det var ein imponerande dugnadsinnsats i byggjeperioden, slo Overøye fast.

Helsingar var det også på ein dag som denne, og gåver hadde mange av dei også med seg. Ordførar Charles Tøsse var først ut av gratulantane. Med seg hadde han 10.000 kroner frå Stordal kommune som teikn på at kommunen set stor pris på aktiviteten på huset.

Soknepresten gratulerte med dagen, det same gjorde formann i styret i Sunnmøre Indremisjon, leiar av regionstyret for Normisjon og mange andre. Kollekt, kaffi og kaker stod sjølvsagt også på programmet før programleiaren takka særleg foreldra til dei i barnekoret for fint tillaga fest og ønskte alle vel heim.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no