Fem sauesløyfer til Liabygda

Jørund Ringset med vinnaren av førsteplass og kvit sløyfe saman med Lillian Sylte Gjerde og lammet som fekk tredjeplass og blå sløyfe i klassa for norsk kvit sau. Foto: Camilla Holebakk.

Fem av seks sløyfer for beste vêrlam gjekk til Liabygda. Kåringa gjekk føre seg på Ødegård på Stranda søndag.

Oddmund Ansok sine vêrlam stakk av med dei tre første plassane i klassa for spælsau. I klassa for norsk kvit sau gjekk dei to første plassane til Jørund Ringset frå Liabygda medan Lillian Sylte Gjerde frå Stranda tok tredjeplassen.

Det var Stranda og Liabygda Sau og Geit som inviterte til kåring av vêrlam. Sauebønder frå Stranda, Liabygda, Eidsdal, Sunnylven og Sykkylven kom med sine håpefulle og fekk dei grundig undersøkte av dommarane. Etter kvart som dei vart studerte og undersøkte, fekk dei ein indeks som fortel om det er noko å satse på i avlen, om bein, ull og kropp er bra for å gi gode avkom.

Det var i alt 62 vêrlam som var tekne med til kåringa, der 38 av dei vart kåra. For å verte kåra må lammet av norsk kvit sau ha ein indeks på 115 eller meir og for spælsau 110, basert på slaktevekt og feitt. Indeksen og dommarpoenga gir ein sum som betyr noko i kåringa.

Eit kåra vêrlam er lett å omsetje og fleire kjøpte seg vêr under kåringa.

Etter kåringa var det tid for den sosiale delen av arrangementet, der dommar Steinar Wirum kom med ein del faglege råd. Sidan var det både kaffi, kaker og tombola.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no