Filialen i Eidsdal er snart historie

Onsdag 11. oktober er bankfilialen i Eidsdal open for aller siste gong.

I går, torsdag 7. september, vart det kjent at Sparebanken Møre sin filial i Eidsdal vert avvikla. 

Dei siste åra har filialen hatt ope onsdagane, men onsdag 11. oktober er det slutt.

Bruken har endra seg

Banksjef i Sparebanken Møre avdeling Norddal, Stein Ivar Krohn, fortel at det ikkje er noko kjekk melding å kome med, men at den siste tids utvikling har medført at filialen i Eidsdal vert avvikla. 

– Vi har sett over tid at bruken av filialen i Eidsdal har minka samtidig som bankbruken har endra seg mykje dei siste åra, seier han og legg til at stadig fleire har teke i bruk dei nye tenestene.

– Mange har med seg banken heile tida, på mobilen. Og behovet for kontantar er blitt stadig mindre ettersom fleire også har teke i bruk Vipps, bankane si betalingsløysing på mobilen. Likevel, det er framleis dei som går i banken og nyttar tenestene over disk og vi skal gjere vårt beste for å få til løysingar også for dei, seier Krohn.

Han fortel at største utfordringa vil bli sommarstid då filialen har vore flittig nytta av næringsdrivande i Geiranger, Eidsdal og Norddal.

– Det har stort sett dreia seg om å setje kontantar inn i banken, men også myntveksling og oppretting av nye kundar har vorte utført her. Også her vil vi forsøke å finne løysingar, seier han og fortel at det neste veke er planlagt eit møte i Geiranger mellom Sparebanken Møre, dei næringsdrivande og aktuelle aktørar innan pengetransport.

Storfjordnytt møter han i filialen i Eidsdal og han synest det er vemodig at den no vert lagt ned. Han kikar seg rundt og konstaterer at tida har gått frå filialen, både når det gjeld tenestene og ikkje minst, lokala.

– Det blir for omfattande å oppgradere lokala her, både mht til det tekniske og til utsjånad og sikkerheit. Vi må også tenkje effektivitet og  sjå framover for å ruste oss mot dei utfordringane vi veit kjem, seier han.

– Kva med dei som har bankboksar i Eidsdal?

– Det er ikkje så mange av dei som er i bruk no, men vi vil sjølvsagt kontakte dei aktuelle kundane. Om det framleis er ønske om å leige bankboks vil vi tilby dei bankboksar ved kontoret i Valldal.

Ingen minibank

Banksjefen held fast på at personleg kontakt med personleg rådgjeving og lokal forankring framleis er viktig for Sparebanken Møre, men at det er viktig å samle kompetansen på éin stad.

– Det er viktig for oss at medarbeidarane våre er godt oppdaterte og har høg kompetanse, berre på den måten kan vi sikre at kundane våre får best moglege tenester og råd, seier banksjefen og legg til at det framleis skal vere slik at kundane skal få treffe og snakke med ein rådgjevar når dei har behov for det, anten det dreier seg om bustadlån, pensjonssparing eller anna.

Avdelinga i Valldal er eit såkalla fullservicekontor, med døgnopen automatsone med både minibank og innskotsautomat. Minibank finst også i Geiranger.

– Mange har ønskt seg minibank i Eidsdal, får dei ønsket oppfylt?

– Nei, det blir ikkje minibank i staden for banken, slår Stein Ivar Krohn fast.

Grunnen til det er at behovet for kontantar blir stadig mindre ettersom kundane kan bruke kort dei fleste plassar og elles nytte mobilbetalingstenesta Vipps.

Budd på reaksjonar

Informasjon om avviklinga av filialen er no gått ut til alle kundar lokalt via epost og brev. Banksjefen seier han er budd på at det vil kome reaksjonar, men håper også på forståing for at denne dagen måtte kome.

– Men det er vemodig dette, det er det, seier han og tenkjer attende til tida då det var filialar i fleire av bygdene i Norddal kommune og i Geiranger, ei tid lenge før banktenestene vart så digitale at dei fleste av oss ordnar det meste av det vi treng sjølve.

– Sparebanken Møre skal framleis vere nær og lokal via våre 28 kontor i M&R og bidra til å skape aktivitet både her i bygdene våre og i resten av fylket. Vi skal vere tilgjengelege via våre rådgjevarar, vårt kundeservicesenter og fortsette å støtte lokale lag og organisasjonar, aktivitetar og andre trivselsfremjande tiltak slik vi har gjort dei siste åra, seier han.

Avviklinga av filialen vil heller ikkje få konsekvensar for dei tilsette i banken, det vil framleis vere fem tilsette i avdeling Norddal.

Ei over 150 år lang historie tek slutt

Med avviklinga av bankfilialen i Eidsdal er det ei lang bankhistorie i bygda som er slutt.

Eidsdalens spareskillingsbank vart skipa ein gong i åra 1860-1862. Anton Løvoll fortel i sine nedteikningar at ein av dei første større kundane i banken skal ha vore «Forening for forsikring av heste», eller Eidsdal hestetrygdelag som foreininga seinare vart heitande.

Foreininga vart skipa i 1872 og kom i stand ettersom ein hest var av stor verdi og tap av ein hest var dyrt. Det var derfor eit ønskje om å forsikre dei, samtidig som det ikkje skulle koste for mykje. Mellom statuttane skal det ha stått at kasseraren skulle gjere «summen fruktbringande ved at indsætte den i Eidsdalens sparebank». I statuttane frå 1872 vart også bestemt at dersom laget vart oppløyst og hadde pengar «på bok», skulle midlane nyttast til «et nyttig øiemed» eller «legges til Sparebankens grundfond». Dette vart seinare endra til at generalforsamlinga skulle avgjere kva som skulle skje med lagets midlar ved eventuell oppløysing.

I 1874 vart Eidsdalens spareskillingsbank lagt ned og vart del av Norddal sparebank. Eitt av vilkåra for at det vart slik, var at banken skulle pendle mellom Valldal og Eidsdal, altså at det skulle vere banktilbod begge stader.

For Norddal sparebank sin del skal det ha vore kommunen som søkte om løyve til å skipe bank. Planane for den nye banken vart godkjende av Finansdepartementet 30. august 1870 og Norddal sparebank, eller Nordalens Sparebank, såg dagens lys i 9. januar 1871. Laurdag var bankdagen før i tida, og det var i starten første laurdagen i månaden som banken var open.

I 1985 gjekk Norddal sparebank med i Sparebanken Møre.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no