Fire blomsterdekoratørar i ny butikk

Tonje Vibeke Ulla Bjørklund, Linda Torjuul, Øyvor Grue Berdal og Hilde Wenge er alle blomsterdekoratørar og stolte av faget sitt.

Sist torsdag var det nyopning av blomsterbutikken på Stranda og dei fire engasjerte damene ønskte velkomen til gode tilbod, kaffi og kaker.

–Vi må henge med i tida og fornye oss, og det er det vi no har gjort. Vi har måla heile butikken og laga ei meir opa løysing, seier Hilde Wenge som no er arbeidande styreleiar i Stranda Blomster.

Ny dagleg leiar

Ho er ikkje lenger dagleg leiar. Ny dagleg leiar fekk dei på plass tidleg i sommar.

– Vi treng nye og unge krefter og det har vi fått. Linda Torjuul har arbeidd her i to og eit halvt år og er no vår nye daglege leiar. Ho er romsdaling ho òg akkurat slik eg er, seier Hilde Wenge og får det travelt med å leggje til rette for eit eller anna.

På opningsdagen var mange innom butikken og nytta seg av dei gode tilboda som dei flinke fagfolka hadde stelt til.

Butikken

Når kundane kjem inn er butikken og kassa plassert nede, medan opp ein halv etasje er det meir som ein verkstad der kundane kan sjå fagfolka i arbeid og alle dei fine blomstrane.

– Dette er Interflora sin profil no, vi skal synleggjere meir av faget. Vi skal vise at blomsterfaget er meir enn ein bukett eller plante i ei hylle. Vi er alle utdanna blomsterdekoratørar og er stolte av faget vårt, seier Hilde.

For ni år sidan flytta dei opp frå bakkeplan og hadde butikk i to etasjar. I dag er butikken oppe og sportsbutikken har teke over lokalet nede.

Løysinga i butikken har den nye daglege leiaren kome med, med god hjelp av gode kolleger. Med gode hjelparar og handverkarar har dei fått butikken slik dei hadde tenkt det og er godt nøgde med resultatet. 

Jul om ikkje lenge

Det er mange greiner ei slik bedrift må ha for å halde hjula i gong. Gravferd, bryllaup og selskap er nokre av dei. I tillegg plantar dei på kyrkjegardane og dekorerer utanfor butikkar, for å nemne noko.

– No når eg ikkje lenger er dagleg leiar og når yngre krefter har teke meire over styringa, kan eg brenne lyset berre i ein ende, seier Hilde og serverer kake til tre flotte damer som kjem inn og seier dette er den beste butikken på heile Stranda.

Den nye daglege leiaren, Linda Torjuul er 26 år og synest det er kjekt med nye utfordringar og seier ho kjenner seg trygg med dei gode og erfarne kollegaene rundt seg. Ho seier det siste året har vore ei vanskeleg tid for butikken, men at dei no er godt i gong att.

– Alt er liksom første gongen når du er heilt ny i ei stilling. No er det jul for fyrste gong med alt det fører med seg, men eg syntes det er kjekt og spennande, seier Linda Torjuul

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no