Fire søsken på til saman 391 år

Søskena frå Ebbegarden i Norddal har kjent kvarandre veldig lenge. Bak frå venstre Paul Relling og Gyda Volle. Framme frå venstre: Hanna Havnegjerde og Olga Relling.

Fire søsken som er til saman 391 år får Norddal når Gyda som er yngst har feira bursdag 30 juni. Hanna og Olga reiste heimanfrå tidleg med namnet Relling. Sidan endra Hanna namnet sitt til Havnegjerde. Onsdag 16. januar fylte Hanna Havnegjerde 100 år og laurdag 19. januar var 92 gjestar, alle familie, samla på klubbhuset til Langevåg idrettslag for å heidre jubilanten. Hanna bur i Langevåg, Gyda bur i Barstadvik medan Olga og Paul bur i Ebbegarden i Norddal.

Søskena vitjar ikkje kvarandre like mykje som det gjorde tidlegare, men held kontakten på telefon.
100-åringen bur heime og greier mykje sjølv. På sjølve dagen fortalde barna hennar at dei hadde invitert 92 gjestar og skulle ha lag laurdagen.
– Eg må vel ta meg ein tur då, svara Hanna som var oppe klokka ni den dagen og heldt ut heilt til klokka var elleve.
22. januar fylte Paul Relling 97 år, Olga Relling fyller 99 år 19. april.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no