Fjord kommune er vedteke som namn på den nye kommunen

Etter at det vart klart at Språkrådet hadde innvendingar mot fellesnemnda si innstilling på «Fjord kommune» som namn på den nye kommunen, vart det diskusjon på det felles kommunestyremøtet om saka skulle utsettast eller ikkje.

Råd hadde også blitt henta inn frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det ville vere mogleg for kommunane å utsetje saka fram til 1. november – om det skulle vere ønskeleg å sjå meir på namnesaka.

Spørsmålet vart då: skal saka utsetjast eller skal ein la tilrådinga frå fellesnemnda stå?

Etter det felles kommunestyremøtet, som forøvrig var eit drøftingsmøte, samla fellesnemnda seg for å diskutere om nemnda skulle kome med ei anna tilråding i namnesaka eller ikkje. Fellesnemnda landa på at tilrådinga om «Fjord kommune» vart oppretthalden. Haldninga i fellesnemnda var å gå for innstillinga og om det viser seg at ein må ta ein ny runde, så er det eit hinder ein får hoppe over når den tid kjem. Det vart og presisert at dei to kommunestyra var nøydde til å gjere likelydande vedtak i saka. 

Kommunestyret i Norddal var først ut. Utan særleg diskusjon vedtok kommunestyret å gå for at den nye kommunen skal heite Fjord kommune. Vedtaket var samrøystes.

Då det vart kommunestyret i Stordal sin tur, gjorde dei same vedtak som norddalingane gjorde, også det samrøystes. Dermed blir vedtaket som vert oversendt Fylkesmannen – som i sin tur sender vedtaket vidare til departementet – Fjord kommune.

Meir om namnediskusjon og kva som elles vart diskutert på dagens møte, kan de lese meir om i neste utgåve av Storfjordnytt.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no