Fjord kommune godkjent som namn i ny forskrift

Fellesnemnda fekk ønsket sitt oppfylt: den nye kommunen skal heite Fjord kommune.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bestemt at Fjord blir namnet på den nye kommunen som vil bestå av Stordal og Norddal. I tillegg er ei eiga forskrift om samanslåing av dei to kommunane utarbeidd.

Val av kommunenavn er viktig når ein skal byggje ein ny kommune og ein ny felles identitet. Eg er glad for at kommunane er blitt samde om Fjord som namn på den nye kommunen, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Legg vekt på eigne ønske

Når kommunane føreslår nytt navn på den nye kommunen, skal framlegget bli forelagt Språkrådet for ein rådgjevande uttale. Språkrådet meiner at Fjord ikkje kan nyttast som kommunenamn ettersom det ikkje er eit stadnamn.

Departementet ønskjer at kommunane skal bli samde lokalt om namneval, og signaliserte tidleg at det vil leggjast stor vekt på kommunane sine eigne ønske i fastsettinga av namn, jf. kommunelova § 3 nr. 3.

I fleire samanslåingar er kommunane ikkje blitt samde om namn. Når Stordal og Norddal er samde om at dei ønskjer Fjord som namn på sin nye kommune, så følger vi opp dette. Namn betyr mykje for innbyggjarane. Det er bra for den vidare prosessen at kommunane er blitt samde om Fjord som namn på den nye kommunen, seier Mæland.

Namnet på den nye kommunen vert formelt fast i forskrift. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ved kongeleg resolusjon fått delegert mynde til å fastsetje kommunenamn etter kommunelova § 3. I tillegg til namnet på den nye kommunen fastset forskrifta mellom anna tal på kommunestyremedlemmar.

Den nye forskrifta

Departementet har fastsett «forskrift om samanslåing av Norddal kommune og Stordal kommune til Fjord kommune». Forskrifta er i sju paragrafar der altså den første fastslår at namnet er Fjord kommune.

Paragraf to seier at kommunestyret skal ha 23 medlemmar, med mindre kommunestyret gjer anna vedtak i medhald av kommunelova.

Vedtekter og forskrifter som er gjeldande i dei to kommunane skal framleis gjelde inntil nye lokale vedtekter og forskrifter er fastsett av kommunestyret. Frist for fastsetting av slike nye vedtekter og forskrifter er sett til 1. januar 2021.

Kommuneplanar og kommunedelplanar etter plan- og bygningslova kapittel 11, inkludert arealdelen, gjeld inntil dei blir erstatta av nye planar som er vedtekne av det nye kommunestyret. Reguleringsplanar etter kapittel 12 i plan- og bygningslova gjeld inntil dei blir erstatta av nye planar eller blir vedtekne oppheva.

I paragraf seks står det å lese at Fjord kommune i ein overgangsperiode frå 1. januar 2020 til 31. desember 2021 får unntak frå eigedomsskattelova slik at eigedomsskatteregima to kommunane har no kan vidareførast i overgangsperioden. Føremålet med overgangsperioden er ei gradvis harmonisering av regelverket i den nye kommunen og frå og med 1. januar 2022 skal eigedomsskatten i Fjord kommune vere harmonisert og i tråd med eigedomsskattelova.

Siste paragrafen slår fast at forskrifta trer i kraft straks.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no